Sættargjerda i Tunsberg

Sættargjerda i Tunsberg er ei nemning på ei avtale eller forlik inngått i Tunsberg i 1277 mellom kongemakta i Noreg ved Magnus Lagabøte og kyrkja. Kongen og erkebiskopen av Nidaros Jon Raude vart samde om ei grensedraging mellom den verdslege og den kyrkjelege styresmakta. Erkebiskopen av Nidaros meinte at kristenretten skulle forvaltast av kyrkja. Magnus Lagabøtes landslov la den lovgjevande makta til kongen.

Magnus Lagabøte, hovud i Stavanger domkyrkje

Mellom anna avstår begge partane frå å blanda seg inn i val hjå kvarandre, dvs. kongeval og bispeutnemningar. Kyrkja fekk medhald i at erkebispen skulle ha myntrett, domsrett, under dette bøtlegging, og kyrkja fekk innvilga skattefritak.

Sættargjerda, med si kongelege godkjenning av rettar, vert sett på som eit høgdepunkt for kyrkjeleg makt og sjølvstende i Noreg. Soleis har ho ein sentral plass i norsk historie. Kongen inngår her ei avtale på likefot med ei anna makt innan eige territorium og slik understrekar likestillinga mellom kongen og kyrkja. Dette var nytt i Noreg, men ikkje internasjonalt.

Då kong Magnus Lagabøte døydde i 1280, prøvde adelen i formyndarregjeringa til den 12 år gamle Eirik II Magnusson å gå tilbake på avtalen, mellom anna ved å konfiskera kyrkjegods. I striden landsforviste dei i 1287 erkebiskop Jon Raude og biskopane Andres av Oslo og Torfinn av Hamar.

Etter to år med strid løyste dette seg ved at kongen nådde myndealderen på 14 år og avgjorde at avtalen skulle respekterast. Dette kom som ei kongeleg forordning og ikkje i form av ein traktat mellom likeverdige partar, som sættargjerden. Oppfatningane mellom historikarar er ulike, men nokre meiner sættargjerda ikkje vart avlyst i 1290, men vart ståande ved lag so lenge den katolske kyrkja rådde landet. Halvdan Koht har vore fremste talsmann for dette synet.

Bakgrunnsstoff endre