Frederator Studios
(Omdirigert frå Frederator)
Frederator Studios er eit amerikansk animasjonsstudio som lagar program for fjernsyn. Det er eit underselskap av Frederator Networks, Inc. og vart grunnlagt av Fred Seibert i 1997. Studioet gav ut sin første serie i 1998 og fokuserer hovudsakleg på kunstnarar som skriv eigne kortfilmar, seriar og langfilmar. Slagordet deira er «Original Cartoons since 1998» (Originale teiknefilmar sidan 1998). Studioet har avdelingar i New York City[1] og Burbank i California.[2]
Frederator Studios | |||
| |||
| |||
Bransje | Filmindustri | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1997 | ||
Hovudkontor | New York by | ||
Land | USA | ||
Produkt | teiknefilm, stop-motion, dataanimert film, Flash animation | ||
Grunnleggjar(ar) | Fred Seibert | ||
Nykelpersonar | Michael Hirsh | ||
Nettstad | https://frederator.com (engelsk), https://frederatorstudios.com (engelsk) |
Den 26. oktober 2016 danna Frederator Networks, Inc. ei samanslutning med det kanadiske animasjonsstudioet Rainmaker Entertainment og Ezrin Hirsh, Inc. under namnet Wow Unlimited Media.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Frederator Studios» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mars 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Who are we?». Frederator Studios. Frederator Networks. Henta 22. juni 2018.
- ↑ «About Us». Frederator Studios. Frederator Networks. Henta 22. juni 2018.
- ↑ Wolfe, Jennifer (26. oktober 2016). «Rainmaker Entertainment Acquires Frederator, Rebranding As WOW!». Animation World Network. Henta 22. juni 2018.