New York by
New York City, New York by, ofte korta til New York eller NYC, er ein metropol i delstaten New York i USA. Han er òg kjend under tilnamnet «The Big Apple», det store eplet.
New York by City of New York | |||
by | |||
|
|||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Stat | Delstaten New York | ||
Areal | 1 214,4 km² | ||
Folketal | 8 538 000 | ||
Folketettleik | 10 316 / km² | ||
Borgarmeister | Eric Adams | ||
New York by 40°42′N 74°00′W / 40.7°N 74°W | |||
Plasseringa av New York by i delstaten New York
| |||
Wikimedia Commons: New York City |
Bydelar
endreNew York City er delt opp i 5 større distrikt der kvart distrikt er sitt eige county (innbyggartal er frå 2002):
- Manhattan - New York County, 1 537 195 innbyggarar
- Bronx - Bronx County, 1 332 650 innbyggarar
- Brooklyn - Kings County, 2 465 326 innbyggarar
- Queens - Queens County, 2 229 379 innbyggarar
- Staten Island - Richmond County, 443 728 innbyggarar
Historie
endreDei første europearane som busette seg på det som i dag er New York City var nederlendarar. År 1626 kjøpte desse personane den sørlege delen av Manhattan av indianarane og grunnla kolonien New Amsterdam. År 1664 tok England over byen etter svak motstand frå nederlendarane. Det nye namnet vart New York etter Jakob II av England, den dåverande hertugen av York, som var med på å finansiere overtakinga.
Frå 1785 til 1790 var New York hovudstad i USA. Under denne tida hadde byen 30 000 innbyggarar og var med det den største i Nord-Amerika. Dette talet vart dobla om lag kvart tiande år. Allereie i 1870 var innbyggartalet éin million. For mange innvandrarar vart New York det første inntrykket av USA. Ellis Island var i lang tid hovudhamna for emigrantar.
Det var på Manhattan i New York at tvillingtårna World Trade Center vart ramma av terroristangrepet den 11. september 2001.
Historisk innbyggartal
endreSamla innbyggartal for dei fem bydelane i New York City:
Kultur
endreMuseum og kulturelle institusjonar
endre- American Folk Art Museum
- American Museum of the Moving Image
- American Museum of Natural History
- Brooklyn Academy of Music
- Brooklyn Botanic Gardens
- Brooklyn Museum
- Carnegie Hall
- Center for Architecture
- Cooper-Hewitt National Museum of Design
- Ellis Island Immigration Museum
- Frick Collection
- The Drawing Center
- Gracie Mansion
- International Center of Photography
- Intrepid Sea-Air-Space Museum
- Irish Hunger Memorial
- Jewish Museum (of New York)
- Jacques Marchais Museum of Tibetan Art
- Historic Richmond Town
- Lincoln Center for the Performing Arts
- Lower East Side Tenement Museum
- Metropolitan Museum of Art – òg kalla«The Met»
- Morgan Library
- Municipal Art Society
- Museo del Barrio, El
- Museum for African Art
- Museum of the City of New York
- Museum of Jewish Heritage
- Museum of Chinese in the Americas
- Museum of Modern Art
- Museum of Television and Radio
- National Museum of the American Indian
- New York Botanical Garden
- New York City Police Museum
- New York City Fire Museum
- New York Historical Society
- New York Hall of Science
- New York Public Library
- New York Transit Museum
- New Museum of Contemporary Art
- Noguchi Museum (òg kalla The Isamu Noguchi Garden Museum)
- P.S.1 Contemporary Art Center
- Queens Museum of Art
- Radio City Music Hall
- Skyscraper Museum
- Socrates Sculpture Park
- Solomon R. Guggenheim Museum
- Studio Museum in Harlem
- Theodore Roosevelt Birthplace
- Whitney Museum of American Art
- Staten Island Institute of Arts & Sciences
Bygningar og plassar
endreStyresmakter
endreOrdføraran i 2018 er Bill de Blasio.
Kjende folk frå New York by
endre- Martin Van Buren (1782–1862), amerikansk president (Kinderhook)
- Millard Fillmore (1800–1874), amerikansk president (Moravia)
- Susan Anthony, (1820–1906), kvinnesaks-aktivist, fødd i Massachusetts
- Chester A. Arthur (1829–1886), amerikansk president (Schenectady)
- Grover Cleveland (1837–1908), amerikansk president (Fayetteville i New York)
- John D. Rockefeller (1839–1937), filantrop, stiftar av Standard Oil
- Theodore Roosevelt (1858–1919), amerikansk president (Manhattan)
- Franklin D. Roosevelt (1883–1945), amerikansk president (Queens)
- Eleanor Roosevelt (1884–1962), amerikansk førstedame og reformator
- Jerome Kern (1885–1945), komponist
- George Gershwin (1898–1937), komponist
- Jonas Salk (1914–1995), vitskapsmann, utviklar av den første poliovaksinen
- Billie Holiday (1915–1959), songar, jazzsongar, blues-songar
- Ella Fitzgerald (1918–1996), songer, jazzsongar
- Alex Haley (1921–1992, forfattar av Roots
- John Coltrane (1926–1967), musikar, jazzmusikar
- Ruth Bader Ginsburg, høgsterettsdommar sidan 1993
- Art Garfunkel (f. 1941), songar, folkerock-songar
- William Barr (f. 1950), justisminister i Trump-administrasjonen
- Jerry Seinfeld (f. 1954), komikar og skodespelar
- Mariah Carey (f. 1969), songar
- Mark Zuckerberg (f. 1984), grunnleggjar av Facebook
- Lady Gaga (f. 1986), songar og låtskrivar