Fredrik Sandberg

embetsmann og politikar

Fredrik August Zahn Sandberg (3. januar 182621. mars 1901) var ein norsk jurist og embetsmann, fødd i Fredrikstad. Han var stortingsrepresentant frå Moss og Drøbak i tida 1874-79. Christen Sandberg var far hans.

Fredrik Sandberg
Fødd 3. januar 1826
Fredrikstad
Død

21. mars 1901 (75 år)

Yrke Politimester, politikar

Fredrik Sandberg vart student i 1844 og cand.jur. i 1853. Han var fullmektig hos byfuten i Moss frå 1854, overrettsakførar frå 1857. I 1875 fekk han stillinga som politimeister i Moss, frå 1881 til han døydde i 1901 var byfut same staden.

Sandberg var i mange år medlem av bystyret i Moss, eit par gongar som ordførar. Tingbolkane 1874-76 og 1877-79 var han valkrinsen Moss og Drøbak sin representant på Stortinget. 1874-sesjonen var han medlem i Justiskomite nr 2, sidan i Justiskomiteen.

KjelderEndra