Fredrikstad kommune

kommune i Østfold

Fredrikstad kommune er ein kommune i Østfold fylke. Han ligg omkring munningen og det nedre løpet av elva Glomma, på vestbreidda nedanfor Visterflo, på austbreidda nedanfor busetnaden Årum like under Sarpsfossen. Kommunen omfattar også områda langs austbreidda av Oslofjorden med øyane utanfor, og øyane utanfor munningen av Glomma. Kommunen grensar til Råde kommune i nordvest, til Sarpsborg kommune i aust og nordaust og til Hvaler kommune i sør.

Fredrikstad kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Østfold
Adm.senter Fredrikstad
Areal 292,56 km²
 - land 290,31 km²
 - vatn 2,25 km²
Folketal 85 230  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Arne Sekkelsten (H)
Kommunenr. 3107
Kart
Fredrikstad
59°13′00″N 10°57′00″E / 59.216667°N 10.95°E / 59.216667; 10.95
Wikimedia Commons: Fredrikstad
Nettstad: www.fredrikstad.kommune.no
Torget i Gamlebyen
Foto: Chris Nyborg
Østre Fredrikstad kyrkje i Gamlebyen
Foto: Erlend Bjørtvedt
Denne brua over Glomma bind austsida og vestsida i Fredrikstad saman.
Foto: Chris Nyborg

Administrasjonssenteret i kommunen, Fredrikstad by, utgjer saman med Sarpsborg ein tettstad på begge sider av Glomma, frå Viker i Onsøy i sørvest til Hafslundøy aust for Sarpsborg i nordaust. I tillegg har Fredrikstad åtte mindre, sjølvstendige tettstader. Dei største av desse er Lervik, Spetalen, Skivika og Slevik.

Samferdsel endre

E 6 passerer Glomma ved Sannesund i Sarpsborg. Riksveg 110 går frå E 6 i Råde kommune gjennom Fredrikstad, i høgbru over Glomma, som opna i 1957, og austover tilbake til E 6 ved Skjeberg stasjon. Strekninga Fredrikstad–Skjeberg stasjon blir kalla «oldtidsvegen» på grunn av dei mange oldtidsfunna som er gjort langs denne vegen. Det er samband frå bysenteret på begge sider av Glomma til Sarpsborg via fylkesveg 109 og riksveg 111, til Hvaler via fylkesveg 108 og langs austsida av Oslofjorden via fylkesveg 117 og fylkesveg 116 til dei vestlegaste delane i kommunen og til Råde og Rygge. Den vestre linja på Østfoldbanen går i ein boge gjennom Vestre Fredrikstad.

Historikk endre

Kommunen fekk sine nåverande grenser i 1994, da Fredrikstad blei slått saman med kommunane Onsøy, Rolvsøy, Borge og Kråkerøy. Den nye kommunen dekker eit område som i 1837 bestod av kommunane Fredrikstad, Glemmen, Borge og Onsøy, i tillegg til Rolvsøy sokn av Tune. Kråkerøy blei skilt ut frå Glemmen i 1908, Torsnes frå Borge i 1910 og Rolvsøy frå Tune i 1911. Ved kommunesamanslåingane i 1960-åra blei Glemmen lagt til Fredrikstad (1964) saman med nokre mindre, bynære område av Borge og Torsnes. Desse to kommunane blei, med unnatak av dei nemnte områdea, same år slått saman. Seinare fekk byen ei mindre overføring frå Onsøy (1968). Fredrikstad kommune, som etter samanslåinga i 1994 er fylkets mest folkerike kommune, omfattar heile den funksjonelle byen, ikkje berre dei sentrale strøka som tidlegare. Arealet er 290 km2 mot 42 km2 før samanslåinga og berre 11 km2 før samanslåinga i 1964.

Kommunevåpenet endre

Kommunevåpenet blei godkjent i 1967 og har ein opprett gull bjørn framfor ei gull borg mot ein raud bakgrunn. Motivet har røter i eit segl frå 1610 som blei laga til hyllinga av sonen til Kristian VI same år. Våpenet har klare parallellar til Sarpsborgs byvåpen.

Vennskapskommunar endre

I Norden endre

I andre land endre

Folk frå Fredrikstad endre

Kjelder endre

«Fredrikstad» av Geir Thorsnæs / Kunnskapsforlagets papirleksikon i Store norske leksikon, snl.no.

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre