Opna hovudmenyen

Fredrikke Andrea Møllerup Mørck (9. november 186114. oktober 1934) var ei norsk kvinnesakskvinne, fødd og død i Trondheim.

Fredrikke Mørck
Fredrikke Mørck.jpg
Fødd 9. november 1861
Trondheim
Død

14. oktober 1934

Yrke politikar, suffragette

Mørck var dotter til ein tollar. Ho tok lærarskuleeksamen i 1880 og arbeidde som guverante, lærar og skulestyrar ved ulike skular i hovudstaden fram til 1910. Ho skipa i 1900 Høiere Skolers Lærerindeforening og i tillegg eit engasjementskontor for lærarinner i høgre skular. Ho var leiar for Norsk Kvinnesaksforening frå 1926 til 1930.[1][2][3]

Mørck var med å redigere det store verket Norske kvinder, en oversigt over deres stilling og livsvilkaar i hundreaaret 1814-1914, som kom ut i 1914. Til liks med meiningsfellen Gina Krog ynskte Mørck snøgge endringar og var derfor aktiv i Landskvindestemmeretsforeningen. I 1916 tok Mørck over redaktørstolen i kvinnesakstidsskriftet Nylænde etter Krog, og var redaktør i tidsskriftet til 1927. Ho representerte Noreg på mange internasjonale kongressar.

KjelderEndra

  1. Elisabeth Lønnå. «Nylænde». Store norske leksikon. Henta 1. fFebruar 2018. 
  2. «Norsk Kvinnesaksforenings: Fredrikke Mørck» (på Norwegian). Henta 8. mars 2016. 
  3. Lønnå, Elisabeth. «Fredrikke Mørck». I Helle, Knut. Norsk biografisk leksikon (på Norwegian). Kunnskapsforlaget. Henta 26. januar 2014.