Friidrettsutøvaren Tom Erik Olsen

Tom Erik Olsen (fødd 20. oktober 1974) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Kløfta i Akershus. Han vart i tida 1995-2004 noregsmeister fire gongar på 110 meter hekk, tre gongar i stavhopp og ein gong i lengdehopp.

Tom Erik Olsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. oktober 1974 (49 år)
Idrett friidrett

Aktiv endre

Olsen var ein allsidig friidrettsutøvar. Han deltok i tikamp og i spesialøvingane 100 meter, 110 meter hekk, stavhopp og lengdehopp. Høgst nivå nådde han i stavhopp, der han hoppa 5,60 meter i Oslo den 25. juli 2002. Åra 2000, 2002, 2004 vart han norsk meister i stavhopp, tok i alt 5 (3-1-1) NM-medaljar i øvinga. Flest NM-medaljar (4-3-2) henta han på korthekken, meister i 1998-2000 og 2003. Sommaren 2000 sette han personbeste i 110 m hekk med 14,00 sekund. I 1999 vart han noregsmeister i lengdehopp, same året som han presterte livsbeste i lengde med 7,57 meter og på 100 meter med 10,62 sekund. Begge desse bestenoteringane oppnådde han i eit tikampstemne i spanske Alhama de Murcia. Same staden i juni 2000 sanka han 7600 poeng i sitt livs beste mangekamp.

Olsen var medlem 1992-95 i Ullensaker/Kisa, 1996-2000 i SK Vidar og frå 2001 i Norna-Salhus.

Kjelder endre