Frisk Asker Ishockey
Frisk Asker Ishockey er ein norsk ishockeyklubb underordna Idrettsforeningen Frisk Asker, som blei stifta den 5. februar 1922. Frisk Asker er ein av dei eldste hockeyklubbane i Noreg, og spelar heimekampane sine i Askerhallen. Heimedrakta til klubben er oransje trøye med svarte detaljar, svart bukse og oransje strømper, medan bortedrakta består av kvit trøye med raudgrøne detaljar, raud bukse og kvite strømper.
Merittar
endre- Spelaren med flest landskampar er Thor Martinsen, som har 113 kampar.
- Laget vart noregsmeistrar i 1975, 1979, 2002 og 2019 og seriemeistrar i 1973/1974, 1975/1976, 1976/1977, 1977/1978 og 2007/08.
- I 2008 fekk Frisk Asker NM-sølv etter 3–2 tap i sudden death mot Storhamar Dragons, og totalt 4–2 i kampar.
- I 2017 fekk Frisk Asker NM-sølv etter tap mot Stavanger Oilers, og totalt 4–2 i kampar.
Statistikk og rekordar
endreFlest kampar
endreSpelar | Sesongar | Kampar |
---|---|---|
Petter Kristiansen | 2004-2020 | 692 |
Johnny Nilsen | 1991-2009 | 643 |
Dag Høyem | 1985-2002 | 524 |
Morten Johansen | 1972-1988 | 441 |
Vidar Wold | 1991-2007 | 435 |
Henrik Aaby | 1991-1994 1997-2007 |
423 |
Morten Sethereng | 1972-1986 | 422 |
Ketil Wold | 1989-2003 | 418 |
Nils Nilsen | 1970-1986 | 417 |
Bjørn Erik Olsen | 1974-1987 | 414 |
Sist oppdatert: 12. november 2020
|}
Spelarprofilar
endre- Thor Martinsen
- Per Dahl
- Vidar Johansen (ishockey)
- Birger «Bigga» Jansen
- Tore Wålberg
- Morten Varsla
- Trond Skar
- Nils Nilsen
- Chris Abbott
- Cam Abbott
- Mats Zuccarello Aasen
- Kyle McDonough
- Morten Johansen
- Vidar Wold
- Scott Winkler
- Erik Follestad
Trenarar
endre- Barry Smith 1984–1986
- Henry Hamberg 1996–1998
- Serge Boisvert 1998–2003
- Ulf Weinstock 2003–2004
- Michael A. L. Tipson 20/20
- Jan Votruba 2004–2005
- Esa Tikkanen 2005–2006
- Patrik Christer Ross 2006–2007
- Sune Bergman 2007–2010
- Mats Lusth 2010-2011
- Tomas Sandlin 2011-2012
- Sune Bergman 2012-2018
- Scott Hillman 2018
- Jan André Aasland og Vidar Wold 2018-