Stavanger Oilers er ein norsk ishockeyklubb frå Stavanger og spelar i GET-ligaen. Stavanger Ishockeyklubb er klubben sitt offisielle namn. Klubben nyttar likevel Oilers som sitt namn og merkevare i dei fleste samanhengar. Finske Hartti Kristola starta Stavanger Oilers i 2001, og klubben blei utelukkande driven av pengar frå hans lomme. Kristola eigde og stod for finansieringa av klubben fram til han trekte seg i 2004. No er Tore Christiansen Oilers-eigar. Klubben kom til sin fyrste finale i sluttspelet i sesongen 2005/06, men tapte då 0-4 i kampar for Vålerenga. Sesongen 2009/10 vann klubben sluttspelet ved å slå Vålerenga 4-2 i kampar og blei noregsmeister for fyrste gong. Klubben spelar sine heimekamper i Siddishallen. Jari Kesti og Tomi Souniemi er begge rekna som legender i Stavanger Oilers og har fått freda sine tidlegare draktnummer, #7 og #22, i tillegg til at ein har hengt opp to drakter i Siddishallen for å heidre dei.

Logoen til Stavanger Oilers

Sesong for sesong endre

  • 2001-2002 - Nr. 1 i 2. divisjon.
  • 2002-2003 - Nr. 1 i 1. divisjon, (Nr. 1 i kvalifiseringa til UPC-ligaen).
  • 2003-2004 - Nr. 6 i UPC-ligaen, (Semi-finale i sluttspelet).
  • 2004-2005 - Nr. 7 i UPC-ligaen, (Kvart-finale i sluttspelet).
  • 2005-2006 - Nr. 4 i UPC-ligaen, (Finale i sluttspelet).
  • 2006-2007 - Nr. 3 i GET-ligaen, (Semi-finale i sluttspelet).
  • 2007-2008 - Nr. 6 i GET-ligaen, (Kvart-finale i sluttspelet).
  • 2008-2009 - Nr. 4 i GET-ligaen, (Kvart-finale i sluttspelet).
  • 2009-2010 - Nr. 3 i GET-ligaen, (Noregsmeister).
  • 2010-2011 - Nr. 2 i GET-ligaen, (Finale i sluttspelet.)

Merittar endre

  • 2001-2002 - Nr. 1 i 2. divisjon.
  • 2002-2003 - Nr. 1 i 1. divisjon.
  • 2003-2004 - Semi-finale i sluttspelet. (Bronse)
  • 2005-2006 - Finale i sluttspelet. (sølv)
  • 2006-2007 - Nr. 3 i GET-ligaen .(bronse) Semifinale i sluttspelet. (Bronse)
  • 2009-2010 - Nr. 3 i GET-ligaen. (bronse) Vinner av sluttspelet. (Noregsmeister)
  • 2010-2011 - Nr. 2 i GET-ligaen. (sølv) Finale i sluttspelet. (sølv)

Trenarane endre

Bakgrunnsstoff endre