Opna hovudmenyen
Verknaden til frisk bris på sjøen.

Frisk bris er kategori 5 i Beaufortskalaen og er den sterkaste av briskategoriane. Vindsnøggleiken er då 8,0-10,7 m/s eller 30-39 km/t. I eldre sjønemning heiter vindstyrken enkeltreva mersseils kuling.

VerknadEndra

På landEndra

Små tre med lauv byrjar å svaie.

Til fjellsEndra

Det blir tungt å gå på ski mot vêret. Fokksnø som driv langs bakken virvlast så høgt at sikta vert redusert. Snødrevet piskar i andletet.

Til sjøsEndra

Mellomstore bølgjer oppstår (2-3 m), som har meir utprega langstrakt form og mange skumtoppar. Sjøsprøyt frå bølgjetoppane kan skje.

Andre språkEndra

Språk Namn
Svensk Frisk vind (på land), styv bris (til sjøs)
Dansk Frisk vind
Færøysk Stívt andøvsgul
Islandsk Kaldi
Engelsk Fresh breeze

KjelderEndra