Færøysk
Færøysk (færøysk: føroyskt) er del av den vestnordiske målgreina, som rommar måla islendsk, færøysk, nynorsk, norske dialektar og det no utdøydde målet norn. Den norrøne målgreina høyrer til dei germanske greinene av dei indoeuropeiske måla.
Færøysk Føroyskt | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Germansk Nordisk Vestnordisk Færøysk | |
Bruk | ||
Tala i | Færøyane | |
Område | Færøyane | |
Færøysktalande i alt | 80 000 | |
Rangering | Ikkje topp-100 | |
Skriftsystem | det latinske alfabetet | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Færøyane | |
Normert av | Føroyska málnevndin | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | fo | |
ISO 639-2 | fao | |
ISO 639-3 | fao |
Færøysk vert tala av 80 000 menneske, i fyrste rekke på Færøyane der det har vore offisielt språk sidan 1937.
Som islandsk, har færøysk utvikla seg or dei gamalnorske målføra nybyggjarane i vikingtida hadde med seg frå det vestlege Noreg. Færøyingar og islendingar kan til ein viss grad forstå kvarandre, men ikkje utan problem.
Mållæra (grammatikken)
endreLjodlæra
endre- Sjå Færøysk fonologi
Færøysk har 10 korte vokalar, alle desse har lange motpartar, nokre av dei er diftongerte. I tillegg har færøysk også 3 diftongar. Færøysk har 21 konsonantar, fordelt på fire artikulasjonsstader og fire artikulasjonsmåtar:
Formlæra
endreFærøysk er, saman med islandsk og nokre svenske målføre, einaste nordiske målet, som enno har dei fire nordgermanske kasus: nominativ (hovudfall), akkusativ (underfall), dativ (sidefall) og genitiv (eigefall). I talmålet (og dermed og i skrift) er genitiv mest ute av bruk; setningane vert snudde på så eigeforma kjem fram med preposisjonar i dativ. Genitiv vert derimot nytta i faste vendingar og i fyrste leden i samansette ord.
Døme på kasusa i færøysk
endreSubstantiv og personfornamn vert bøygde i fall. Som hugseregel nyttar ein spørjeordet som på færøysk er ein del av fallnamnet:
døme | spurning | kallkyn (hannkjønn) |
kvennkyn (hokjønn) |
hvørkikyn (inkjekjønn) |
hvørfall (nominativ) |
Hvør er hatta? | knøttur | telda | borð |
hvønnfall (akkusativ) |
Hvønn sást tú? | knøtt | teldu | borð |
hvørjumfall (dativ) |
Hvørjum hyggur tú at? | knøtti | teldu | borði |
hvørsfall (genitiv) |
Hvørs vegna? | knøts | teldu | borðs |
Rettskriving
endreFærøysk har ei konservativ rettskriving, noko som gjer færøysk lett å lesa for ein islending. Færøysk nyttar det latinske alfabetet, med 29 bokstavar.
Dei er: A Á B D Ð E F G H I Í J K L M N O Ó P R S T U Ú V Y Ý Æ Ø.
C, Q, W, X, Z vert ikkje nytta, men finst i somme låneord (òg Ü og Å i etternamn), men skikken er å byta desse bokstavane om med færøyske bokstavar med same uttale.
Språksoga
endreYtre språksoge
endreFærøysk har ei ytre språksoge som minnar mykje om den norske: Skriftspråket var meir eller mindre likt det i Noreg og på Island fram til 1400-talet. Etter reformasjonen tok dei danske styresmaktene i bruk dansk i staden, på same måten som i Noreg. Med nasjonalromantikk og nasjonalisme ut over 1800-talet voks interessa for færøysk språk, og Venceslaus Hammershaimb utarbeidde, omtrent samtidig med og på same måten som Ivar Aasen i Noreg, eit nytt skriftspråk for dei færøyske dialektane.
Indre språksoge
endreFærøysk står på mange vis midt mellom vestnorsk og islandsk. Av kasusa er genitiv meir eller mindre ute av bruk, men skilnaden mellom nominativ, akkusativ og dativ står fast. Verba blir bøygde i tal, og i presens eintal også i person.
Fonologisk har færøysk gått gjennom mange nydanningar. Lange vokalar har vorte diftongisert, og ein del konsonantsamband har vorte forsterka.
Litteratur
endre- V.U. Hammershaimb: Færøsk Anthologi. København 1891, Tórshavn 1991, 2 bind (andre bind er mellom anna ei færøysk-dansk ordsamling med 10 000 oppslagsord ved Jakob Jakobsen. Anthologien er framleis tilgjengeleg på Færøyane)
- W.B. Lockwood: An Introduction to Modern Faroese. Tórshavn 1977 (standardverk på engelsk i fleire tiår).
- J. Henriksen: Kursus i Færøsk. Tórshavn 1983 (2 bind)
- Höskuldur Thráinsson, Hjalmar P. Petersen, Jógvan í Lon Jacobsen, Zakaris Svabo Hansen: Faroese. An Overview and Reference Grammar. Tórshavn 2004 ISBN 99918-41-85-7 (nytt standardverk).
Ordbøker
endre- Eigil Lehmann: Føroysk-norsk orðabók - Færøysk-norsk ordbok. Tórshavn, Føroya Fróðskaparfelag, 1987.
- Hjalmar Petersen, Marius Staksberg: Donsk-føroysk orðabók. Tórshavn 2005 ISBN 99918-41-51-2 (Dansk-færøysk ordbok)
- M.A. Jacobsen, Christian Matras: Føroysk-donsk orðabók. Tórshavn 1961 (Færøysk-dansk ordbok)
- J.H.W. Poulsen et al.: Føroysk orðabók. Tórshavn 1998 ISBN 99918-41-52-0 (i 1 bind), ISBN 99918-41-53-9 (i 2 bind), ISBN 99918-41-54-7 (CD-ROM) (den fyrste færøysk-færøyske ordboki, om lag 65 000 oppslagsord, synonym. Bilete ved Bárður Jákupsson)
Språklege hjelpemiddel
endreBakgrunnsstoff
endre- Føroyska málnevndin (Færøysk språkråd. Under «Orðalistar» finst det ordlister)
- Eigil Lehmann (1987). Færøysk-norsk ordbok : Føroysk-norsk orðabók. Bjørgvin: Sunnmøre vestmannalag.
- BMS.fo - Bókamiðsølan (engroshandel for alle bøker på færøysk)
- Setur.fo - Fróðskaparsetur Føroya (Universitetet på Færøyane. Den einaste staden med eit fakultet for færøysk. Sommarkurs for utlendingar på engelsk)
- Færøysk analysator på nettet
Høyr færøysk på nettet
endre- UF.fo - Útvarp Føroya (Færøysk radio. Under «ÚF beinleiðis» til venstre er det nettradio)
- SvF.fo - Sjónvarp Føroya (Færøysk fjernsyn. Under «Sendingar á alnótini» er det nyheter, debatt og kulturnyheter som WMF-videoer til nedlasting)
- Heimasíða við føroyskum tónleiki Arkivert 2005-05-21 ved Wayback Machine. (Heimeside med færøysk musikk)