Frode Aga
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Frode Aga (1977-).
Frode Aga (fødd 11. september 1955 Ålvik i Hardanger) er ein norsk kokk. Aga driv til dagleg Restaurant Hallingstuene på Geilo i lag med kona si.[1]
Frode Aga | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. september 1955 (69 år) Ålvik |
Yrke | kokk |
Aga byrja karrieren sin på Maurset Hotel på Hardangervidda i tenåra. Her jobba han som gardsgut og kjøkenhjelp i skuleferiane, og vart så fascinert av kokkeyrket at han heldt fram med det i tida som fylgde.
Etter endt kokkeutdaning har han mellom anna vore kokk og kjøkensjef på Engebret kafé i Oslo og Sunnfjord Hotel i Førde. I 1988 starta han drifta av Restaurant Hallingstuene på Geilo, som han og kona har drive sidan.
Aga har delteke i fleire TV-program om mat, mellom anna Fra loft til kjeller og Kokkekamp på NRK. I tillegg har han i fleire år vore fast gjest på Morellfestivalen på Lofthus i juli. Aga er også kjend som ein stor humorist.
Verkliste
endre- 2000 – Frode Agas gjestemat ( Cappelen) [Med Berit Aga og Fritz Knott (foto)]
- 2005 – Fra loft og kjeller ( Damm) [Med Kjell Fuglehaug og Stine Woxman]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Frode Aga» frå Wikipedia på bokmål, den 21. desember 2016.
- ↑ Gunnar Jerman (1998). 35 kjøkkensjefer. Index publ.