Frode Elsness
Frode Elsness (fødd 15. juni 1973) er ein norsk sjakkspelar. Han blei Noregsmeister i sjakk i 2008. Frode Elsness blei utnemnd til Internasjonal Meister i sjakk (IM) i 2001.
Frode Elsness | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. juni 1973 (51 år) |
Idrett | sjakk |
Tok del i | Sjakkolympiaden 2014, Sjakk-OL 1996, Sjakk-OL 2000, Sjakk-OL 2004, Sjakk-OL 2010, Sjakk-OL 2012 |
I Noregsmeisterskapen i sjakk i Tønsberg 5-13. juli 2008 delte Frode Elsness førsteplassen med Jon Ludvig Hammer, begge med 6,5 poeng på 9 rundar.[1][2] . Det var dermed nødvendig med omkamp om NM-tittelen. I omkampen i Moss 26-27. september 2008 vann Frode Elsness det første partiet, og stod best i det andre då Hammer baud remis, noko Elsness naturlegvis tok i mot. Dermed kunne Frode Elsness motta kongepokalen[3].
Frode Elsness har delteke på det norske landslaget i sjakk-OL (VM for landslag) 6 gongar, i 1996, 2000, 2004, 2010, 2012 og 2014[4].
I 1990 vart Elsness junior-noregsmeister i sjakk.[5] I 2007 vann Elsness det opne NM i hurtigsjakk.[6]
Frode Elsness har to innteikningar i stormeister-tittelen. Den første kom i seriesjakken sesongen 2009-2010, med 7 poeng på 9 parti. Det andre kom i Oslo Chess International i oktober 2011, med 6 av 9 mot sterk motstand.[7] Han har allereie klart kravet om eigen rating på over 2500, med 2506 pr. 1. november 2011, og manglar "berre" det tredje avgjerande stormeister-resultatet for å bli stormeister.
Frode Elsness er no medlem av Schakklubben av 1911. Frode Elsness er lege av utdanning, og arbeider som allmennlege.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Norsk Sjakkblad nr. 4, 2008, s. 10-13
- Norsk Sjakkblad nr. 5, 2008, s. 10-11
- Olimpbase, database over sjakk-olympiadar mv
- Øystein Brekke: Norske sjakktrekk. Norges Sjakkforbund 100 år 1914-2014. Norges Sjakkforbund 2014, ISBN 978-82-991916-2-3
Fotnotar
endre- ↑ Norsk Sjakkblad nr. 4, 2008, s. 10-13
- ↑ Resultat NM i sjakk 2008
- ↑ Norsk Sjakkblad nr. 5, 2008, s. 10-11
- ↑ Olimpbase side for Frode Elsness
- ↑ Brekke 2014 s. 300.
- ↑ Brekke 2014 s. 307
- ↑ Frode Elsness sine stormeisternapp hos FIDE