Frode Nyvold (fødd 22. februar 1949) er ein norsk folkesongar, antropolog og pedagog. Han er førstelektor ved Høgskolen i Telemark, og er instituttnestleiar ved Institutt for folkekultur i Rauland.

Frode Nyvold
Fødd 22. februar 1949 (75 år)
Yrke songar

I tillegg til å arbeide med norsk tradisjonsmusikk har han gjort feltarbeid mellom anna i Frankrike og Ungarn. Musikk, identitet og kommunikasjon har vore teoretiske hovudtema i feltarbeid og skriftlege arbeid.

Nyvold har vore utøvande musikar sidan 60-talet med konsertverksemd i Noreg og i utlandet og har medverka på fleire fonogramproduksjonar, mellom anna cden Skjemt og sjanti som vart nominert til spelemannsprisen 1998.

Ved folkemusikkstudiet underviser han i song og toradar og har kulturpolitikk og kulturhistorie som teoretiske hovudemne.

Han har i ti år, inntil 2010, |vore koordinator for Nordplus-nettverket «Nortrad», eit nettverk for dei nordiske folkemusikkutdanningane, men har no andre oppgåver innanfor internasjonalt arbeid ved instituttet.


Åtvaring: Standardsorteringa «Nyvold» tar over for den tidlegare sorteringa «Nyvold, Frode».