Opna hovudmenyen

Høgskolen i Telemark (HiT) var ein statleg høgskule i Telemark fylke som blei skipa i 1994 og slått saman med Høgskolen i Buskerud og Vestfold til Høgskolen i Søraust-Noreg i 2016.[1]

Høgskolen i Telemark
HiTe Bö.jpg
Grunnlagt1994
TypeStatleg høgskule
StadNotodden, Porsgrunn, Rauland, Notodden
Studentar4922
Nettstadwww.hit.no

HiT vart skipa 1. august 1994. Høgskulen vart danna gjennom samanslutninga av fire statlege høgskuler som ein del av Høgskulereforma i 1994. Desse fire høgskulane var Telemark distriktshøgskole (Bø), Telemark ingeniørhøgskole (Porsgrunn), Telemark lærerhøgskole (Notodden/Rauland), og Telemark sjukepleierhøgskole (Skien). Fellesadministrasjonen til HiT låg i Porsgrunn. Han var ein av 19 statlege høgskular i Noreg, med avdelingar i , Rauland, Notodden og Porsgrunn. HiT hadde om lag 140 studietilbod, om lag 7 000 studentar og 600 tilsette.

4. juni 2015 vedtok styret ved HiT at dei ønskte en fusjon med Høgskolen i Buskerud og Vestfold. Fusjonsdato vart sett til 1. januar 2016 under namnet Høgskolen i Søraust-Noreg.[1] Den nye høgskolen vart den nest største i Noreg, med om lag 18 000 studentar og 1 500 tilsette.[2]

FagEndra

Høgskulen hadde tillbod om fag- og profesjonsstudier innan almenvitskaplege fag, estetiske fag, helse- og sosialfag og teknologifag på bachelor- og mastergradsnivå, yrkesutdanning i tillegg til etterutdanning

Dei fire avdelingane ved HiT var:

  • Avdeling for allmennvitskaplege fag (Bø)
  • Avdeling for estetiske fag, folkekultur og lærarutdanning (Notodden/Rauland)
  • Avdeling for helse- og sosialfag (Porsgrunn)
  • Avdeling for teknologiske fag (Porsgrunn)

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Historisk fusjonsvedtak, henta 27. februar 2017 
  2. Om Høgskolen i Sørøst-Norge – HSN, henta 27. februar 2017 

BakgrunnsstoffEndra