From Denver to L.A.
From Denver to L.A. Singel av Elton John | ||
Utgjeve | Juli 1970 | |
Innspelt | Olympic Studios, juni 1969 | |
Sjanger | Rock, pop | |
Lengd | 2:22 | |
Selskap | Viking VIK 1010 | |
Komponist | Francis Lai | |
Låtskrivar(ar) | Francis Lai, Hal Sharper | |
---|---|---|
Produsent | Ukjend | |
Elton John-kronologi | ||
«Rock n' Roll Madonna» (1970) |
From Denver to L.A. | «Take Me to the Pilot» (1970)
|
«From Denver to L.A.» er ein song sungen av Elton John frå filmmusikken til filmen The Games frå 1970. Songen vart gjeven ut som singel i USA i juli 1970, akkurat i det karrieren hans var i ferd med å ta av. Han var derimot klar over dette og singelen vart raskt trekt attende. Han er no eit særs sjeldan samlarobjekt. B-sida er òg frå filmen og ikkje ei Elton John-innspeling.
Elton sa om songen:
- Faktisk vart 'From Denver to L.A.' trekt attende, så om du har eit eksemplar er han verdt ein liten formue. Det var 25 pund for innspelinga eg gjorde i Olympic Studios og eg berre song songen, og det var for Michael Winner-filmen The Games. Og det var det.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «From Denver to L.A.» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2011.