Frontal heving oppstår i samband med vêrfrontar.

Når ein varm luftmasse rykker fram mot ei kald luftmasse, vil den varme lufta stige over den kalde lufta langs ei gradvis stigande flate. Denne flata vert kalla ein varmfront. Den stigande varme lufta vert avkjølt, lufta kondenserer og skyer vert danna. I samband med varmfrontar kan ein få alt frå høge cirrus til altostratus og ned til tjukke nimbostratus, som gjev kontinuerleg regn over eit vidstrekt område.

Når ei kald luftmasse rykker fram mot ei varm luftmasse, vil den kalde lufta presse seg under den varme lufta, og varmlufta byrjar å stige. Grenseflata mellom desse to luftmassane vert kalla ein kaldfront. Grenseflata i samband med kaldfrontar er som regel brattare enn grenseflatene i varmfrontar. Skyene som blir danna på grunn av den stigande luftrørsla er cumulus eller cumulonimbus. Desse kan føre til kraftige regnbyer, torevêr, turbulens og ising.