Frostblomar er ein isformasjon der tynne lag av is vert pressa ut frå langstilka planter om hausten eller tidleg om vinteren. Dei tynne islaga vert ofte forma til spesielle mønster som krøller seg saman til kronbladaktige former som gjer at dei liknar blomar.

Frostblome i Ozarkfjella i USA

Frosblomane blir danna når det kjem kuldegrader før bakken er frosen. Når sevja i stilken til plantane frys vil ho utvida seg (slik vatn gjer når det frys), og laga lange, tynne sprekker langs stilken. Vatn blir så trekt ut gjennom desse sprekkene gjennom kapillarkraft, og frys når det kjem i kontakt med lufta. Etterkvart som meir vatn blir pressa gjennom sprekkene dytter det islaga bort frå stilken, og dannar eit tynt «blad».

Galleri

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre