Blome

(Omdirigert frå Blom)

Blom, blome eller blomster er ein plantedel brukt til forplanting av frøplantar. Blomar har ofte fine, fargerike kronblad eller god lukt for å lokka til seg pollinerande insekt og andre dyr. Etter at ein blome er blitt pollinert kan han omdannast til ei frukt.

Skogstjerne.

I daglegspråket kan blome visa berre til dei vakre, fargerike delane av ein plante, medan mindre imponerande, grønare blomar ikkje blir rekna med. Dersom ein plante berre har stengel og blad og ein fin blome på toppen, kan ein òg kalla heile planten ein blome. Har ein plante fleire små blomar tett saman, som i korgplantefamilien, blir ofte heile blomesamlinga rekna som éin blome.

 
Blomar måla av Jan Brueghel den eldre.

På grunn av utsjånaden og den gode lukta blir mange ulike blomar brukte til å pynta med, inne som ute, som gåver og til seremoniar. Dei har òg inspirert ei rekke kunstnarar, særleg innan biletkunst og litteratur.

Ein del blomar kan også brukast til å laga mat og drikke. Nokre matblomar er hyll, løvetann, stemorsblom og syrin.

Oppbygging

endre

Ein typisk blome er sett saman av desse delane:

  • begerblad, calyx, som regel ufarga, det vil seia grøne
  • kronblad, corolla, som regel farga, det vil seia med andre fargar enn grønt
  • støvblad, androecium (frå gresk andros, 'mann') som inneheld støvtråden som ber støvknappen
  • fruktblad, gynoecium (frå gresk gyne, kvinne') med ein griffel som leier til frøanlegga. Spissen på griffelen heiter støvfangar.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Blome
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.