Frozen Fever (norsk tittel Frostfeber) er ein dataanimert kortfilm frå 2015, produsert av Walt Disney Animation Studios og utgjeve av Walt Disney Pictures.[3] Han er basert på spelefilmen Frozen (Frost) frå 2013, og fortel historia om fødselsdagsfeiringa til Anna,[3] stelt til av Elsa med hjelp frå Kristoffer, Svein og Olaf. Chris Buck og Jennifer Lee var på ny regissørar, med stemmeskodespelarane Kristen Bell, Idina Menzel, Jonathan Groff og Josh Gad i dei same rollene som i den første filmen.

Frozen Fever
RegiChris Buck, Jennifer Lee Sjå dette på Wikidata
Forfattar(ar)John Lasseter Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Peter Del Vecho Sjå dette på Wikidata
ManusChris Buck Sjå dette på Wikidata
Stemme­skodespelarKristen Bell, Idina Menzel, Jonathan Groff, Josh Gad, Santino Fontana, Chris Williams, Paul Briggs Sjå dette på Wikidata
KlippJeff Draheim Sjå dette på Wikidata
MusikkChristophe Beck Sjå dette på Wikidata
ProduksjonsselskapWalt Disney Animation Studios, Walt Disney Pictures Sjå dette på Wikidata
DistributørWalt Disney Studios Motion Pictures, Disney+ Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato2015, 12. mars 2015 (Tyskland),[1] 19. mars 2015 (Ungarn)[2]
Lengd7 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandUSA Sjå dette på Wikidata
Språkengelsk
Sjangerfilmmusikal, filmkomedie, eventyrfilm, familiefilm, fantasyfilm Sjå dette på Wikidata

Produksjonen av Frozen Fever byrja i juni 2014 og tok seks månader å fullføre. Filmen debuterte 13. marsk 2015 på kinoar saman med spelefilmen Cinderella.[4] Han fekk positiv mottaking frå kritikarar, i tillegg til ros for den nye songen «Making Today a Perfect Day» av Kristen Anderson-Lopez og Robert Lopez.[5]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre