Fuhse er ei elv i Niedersachsen i Tyskland og ei av sideelvane til Aller frå venstre med ei lengd på 98 km. Namnet vart stava Fuse på kart frå 1800-talet og tidlegare, og ein meiner at det kjem frå det antikke namnet Fosa, etter den germanske stamma Fosi (eller omvendt).

Fuhse
elv
Fuhse i Celle
Land  Tyskland
Nedslagsfelt 920 km²
Lengd 98 km
Kjelde Harz
 - høgd 150 moh.
Munning Aller
Kart
Fuhse
52°05′01″N 10°29′48″E / 52.083583333333°N 10.496647222222°E / 52.083583333333; 10.496647222222
Wikimedia Commons: Fuhse

Elva har utspring på vestsida av Oderwald, ved foten av Harz mellom Bad Harzburg og Wolfenbüttel. Kjelda ligg i kommunen Flöthe nær Schladen. Frå her renn Fuhse vestover mot Salzgitter. Ho snur nordover og renn gjennom Peine, Dollbergen og Uetze til Celle. I Celle munnar ho ut i Aller.

Den viktigaste sideelva hennar er Erse, som munnar ut i Fuhse ved Uetze.

Kjelder endre