Peine
Peine er ein by og ein kommune søraust i forbundslandet Niedersachsen i Tyskland, ei 40 kilometer søraust for Hannover. Kommunen har 51 000 ibuarar og eit flatemål på 119,8 km². Byen hyser administrasjonen for Landkreis Peine. Elva Fuhse renn gjennom kommunen.
Peine | |||
by | |||
|
|||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Areal | 119,84 km² | ||
Folketal | 51 521 (31. desember 2023) | ||
Peine 52°19′13″N 10°14′01″E / 52.320277777778°N 10.233611111111°E | |||
Wikimedia Commons: Peine |
Peine er særleg kjend for metallindustrien sin. Ein «Peiner» er i tysk fagspråk synonym for H-bjelke.
Peine fekk byrettar i 1220.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Peine» frå Wikipedia på tysk, den 22. desember 2024.