Full Members Cup var ein engelsk fotballcup som vart arrangert frå 1985 til 1992. Den var òg kjend under sine sponsornamn Simod Cup frå 1987 til 1989 og Zenith Data Systems Cup frå 1989 til 1992.

Turneringa kom istand etter Heysel-tragedien då engelske klubbar vart bannlyst frå å konkurrere i dei europeiske cupane. Dette var eit tilbod til klubbane i dei to øvste divisjonane i England. Full Members Cup vart lagd ned etter sju sesongar då Premiar League såg dagens lys.

Full Members Cup 1986–1992
År Vinnar Finalist Resultat
1986 Chelsea Manchester City 5-4
1987 Blackburn Rovers Charlton 1-0
1988 Reading Luton Town 4-1
1989 Nottingham Forest Everton 4-3 (eeo)
1990 Chelsea Middlesbrough 1-0
1991 Crystal Palace Everton 4-1 (eeo)
1992 Nottingham Forest Southampton 3-2

Kjelder endre