Blackburn Rovers Football Club er ein engelsk fotballklubb som spelar i Football League Championship (2. nivå). Klubben vart stifta i 1875, og var ein av dei 12 klubbane som starta The Football League i 1888. «Rovers», som er kallenamnet til Blackburn, spelar heimekampane sine på Ewood Park i Blackburn. Byen Blackburn ligg i den engelske regionen Nordvest-England, omtrent fire mil nord for Manchester.

Blackburn Rovers
Fullt namnBlackburn Rovers
Football Club
KallenamnRovers
HeimebaneEwood Park
(kapasitet: 31 367)
StyreleiarRobert Coar
HovudtrenarSam Allardyce
LigaFootball League Championship
2018/1915. plass
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong

Historie

endre

Rundt hundreårsskiftet var Blackburn blant dei største i England.

Etter 1930 gjekk det lenger tid mellom dei store triumfane, heilt til pengesterke Jack Walker dukka opp på byrjinga av 1990-talet. Han hadde opparbeidd seg ei formue i stålindustrien, og brukte på sine eldre dagar denne til å støtte klubben han elska. Dette gjorde at Blackburn i 1992 rykte opp i øvste divisjon, etter at Liverpool-legenda Kenny Dalglish hadde overteke manageransvaret, og med hjelp av ein målfarleg Alan Shearer vann klubben sitt tredje ligagull i 1995.

Men berre fire år seinare rykte dei ned, etter mange feilslåtte spelarkjøp. To sesongar vart spelte i fyrste divisjon, før klubben i 2001 rykte opp att, denne gongen med Graeme Souness ved roret. Året etter vann klubben ligacupen, etter å ha slege Tottenham 2-1 i finalen på Millennium Stadium i Cardiff.

Den beste sesongen til klubben etter opprykket har førebels vore 2002/2003-sesongen, då det vart 6. plass og kvalifikasjon til UEFA-cupen.

I dag er det den tidlegare Manchester United-helten Mark Hughes som er manager i Blackburn. Han trekte seg som landslagssjef for Wales for å kunne ta jobben. Hughes spela i klubben frå 2000 til 2002, og fekk med seg opprykk og ligacupsiger.

Meritt

endre
TROFE ANTAL ÅR
Ligameister 2 1911/12, 1913/14
Premier League 1 1994/95
FA-cupen 6 1884, 1885, 1886, 1890, 1891, 1928
Ligacupen 1 2002
FA Charity Shield 1 1912
Full Members Cup 1 1987
FA Youth-cup 1 1959
  • Vinnar av 2. divisjon: 1938/39.
  • Vinnar av 3. divisjon: 1974/75.
  • Finalist i FA-cupen: 1882 og 1960.

Nordmenn i Blackburn Rovers

endre

Blackburn har hatt fleire kjende nordmenn i stallen. I tillegg til Henning Berg og Morten Gamst Pedersen, har Lars Bohinen, Tore Pedersen, Egil Østenstad, Stig Inge Bjørnebye, Martin Andresen og Joshua King alle spela for Blackburn.

Blackburns-managerar

endre
Manager Periode
Thomas Mitchell 1884–1896
J. Walmsley 1896–1903
R. Middleton 1903–1925
Jack Carr 1925–1926
Bob Crompton 1926–1930
Arthur Barritt 1931–1936
Reg Taylor 1936–1938
Bob Crompton 1938–1941
Eddie Hapgood 1944–1947
Will Scott 1947
Jack Bruton 1947–1949
Jackie Bestall 1949–1953
Manager Periode
Johnny Carey 1953–1958
Dally Duncan 1958–1960
Jack Marshall 1960–1967
Eddie Quigley 1967–1970
Johnny Carey 1970–1971
Ken Furphy 1971–1973
Gordon Lee 1974–1975
Jim Smith 1975–1978
Jim Iley 1978
John Pickering 1978–1979
Howard Kendall 1979–1981
Bobby Saxton 1981–1986
Manager Periode
Don MacKay 1987–1991
Kenny Dalglish 1991–1995
Ray Harford 1995–1997
Roy Hodgson 1997–1998
Brian Kidd 1998–1999
Tony Parkes 1999–2000
Graeme Souness 2000–2004
Mark Hughes 2004–2008
Paul Ince 2008
Sam Allardyce 2008–2010
Steve Kean 2010–2012
Henning Berg 2012
Manager Periode
Michael Appleton 2013
Gary Bowyer 2013–2015
Paul Lambert 2015–2016
Owen Coyle 2016–2017
Tony Mowbray 2017–

Bakgrunnsstoff

endre