Full storm
Full storm er kategori 10 i Beaufortskalaen og er den midtre av stormkategoriane. Vindsnøggleiken er då 24,5 til 28,4 m/s eller 88-102 km/t. I eldre sjønemning heiter vindstyrken storm.

Verknad endre
På land endre
Sjeldan inne i landet. Tre rotveltar. Stor skade på hus.
Til fjells endre
Full storm og høgare vindstyrker vil dei fleste aldri kome ut for. Tre veltar over leidningar for telefon og straum. Det knakar i tømmerveggar. Lette småhus vert rivne av grunnmuren.
Til sjøs endre
Særs høge bølgjer (9–12,5 m) med lange overhengande kammar. Skummet, som vert danna i store flak, driv med vinden i tette kvite strimer så sjøen får eit kvitaktig utsjåande. Rullinga blir tung og støytande. Redusert sikt.
Andre språk endre
Språk | Namn |
---|---|
Svensk | Storm |
Dansk | Storm |
Færøysk | Hvassur stormur |
Islandsk | Rok |
Engelsk | Storm eller whole gale |
Kjelder endre
- storm «» i Store norske leksikon, snl.no.