Furugrenda
Bygd ipå Nordmøre
Furugrenda er ei grend i Sunndal kommune på Nordmøre. Grenda ligg 3 kilometer søraust om Sunndalsøra, på nordaustsida av elva Driva. Her er gardsbruk på øvste sida av Sunndalsvegen, (Riksveg 70). Her er det og campingplass, med utleige av fiskerett. På nedste sida av vegen er det bustadfelt. Folketalet i Furugrenda var 171 i 2020.
Her var postopneri 1918-97: 6611 Furugrenda.