Sunndalsøra er kommunesenteret i Sunndal kommune, ein tettstad med 4 110 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Sunndalsøra
tettstad
Sunndalsøra ligg inst i Sunndalsfjorden
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Sunndal
Areal 3,39 km²
Folketal 4 110  (2023)
Folketettleik 1 212 / km²
Postnummer 6600 SUNNDALSØRA
Preposisjon Sunndalsøra
Kart
Sunndalsøra
62°40′31″N 8°33′05″E / 62.675277777778°N 8.5513888888889°E / 62.675277777778; 8.5513888888889
Wikimedia Commons: Sunndalsøra

Sunndaløra var berre nokre få hus nedmed fjøra og mellom dei bratte fjella inst i Sunndalsfjorden før aluminiumsverket, som kom i drift frå 1954.

Da kom det folk frå store delar av landet til staden for å arbeide og busetje seg der.

Det utvikla seg ein nokså særmerkt tettstadskultur på Sunndalsøra, folkeleg og prega av arbeidarklassen og sosialdemokratiske likskapsideal og offentleg styring av utviklinga. Truleg er Sunndalsøra den tettstaden i Noreg som har største delen av bustadmassen sin i bustadsamvirket, med både blokker, rekkjehus og jamvel nokre einebustader innan kooperasjonen.

Dialekta på Sunndalsøra er nordmørsk, og har mellom anna kløyvd infinitiv, men skil seg som eit typisk bymål ut frå dialektene omkring ved ei kraftig forenkling av grammatikken og ordbøyingane.

Sidan aluminiumsverket i 2004 var ferdig modernisert og no er det største og mest moderne i Europa, er framtida til tettstaden og kommunen sikrare enn det ein frykta for få år tilbake. Forureininga frå aluminiumsverket er òg berre ein brøkdel av det ho var, og Sunndalsøra framstår i dag som ein rein og vel utbygd småby som har dei fleste tilbod folk treng. Attåt aluminiumsverket og forskingsmiljøet der, har Sunndalsøra eit avansert forskingsmiljø når det gjeld akvakultur og ein vidaregåande skule med mange studieretningar.

Folket i Sunndal kommune stemte nei til at Sunndalsøra offisielt skulle bli ein by ved ei lokal folkerøysting i 1999.

Sjå òg endre

Kjelder endre