Ein fusjonsreaktor er ein reaktor som skapar energi ved hjelp av kontrollert kjernefysisk fusjon og blir overført til ein annan energi for vidare bruk. I ein fusjonsreaktor skal ein kunne utnytte meir av den frigjorde energien enn det som trengst for å halde prosessen i gang. Til no har ein ikkje lukkast å oppretthalde prosessen og frigjere meir energi enn det som blir forbrukt, og reaktorar for kommersiell energiproduksjon ligg 30-50 år fram i tid etter dagens utvikling.

Fleire fusjonsreaktorar for forskingsføremål er i drift eller under planlegging. Mange av desse er av tokamaktypen, som ITER. Reaktorar med netto energiutbytte forventast omkring år 2025-2030, og det vil ta minst 20 år etter det før fusjonsenergi får praktisk tyding.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre