Fy (frå norrønt fy) er eit norsk kraftuttrykk for avsky eller klandring.[1] Det kan nyttast til banning.

Ein brukt variant av ordet er føy, og ordet er nærskyldt uttrykket «tvi» («tvi vøre» er i seg sjølv ein banneformular).[2] Dette utropet finst og i engelsk, som «fie» (ofte nytta i skodespela til William Shakespeare). Ein reknar med at dette er ein språkleg måte å uttrykke spytting på.[3] Innanfor folketrua var spytting ein måte å avverja vonde makter eller djevelen.

Som uttrykk er fy tett knytt til tabuorda, som òg er kalla «fy-ord». Ordet er assosiert med skam, noko som kjem tydeleg fram i formularen «fy skamme seg», eller eldre «fy for skam». Ordet er i dag mykje nytta i oppdrett av hundar, som blir fya meir enn andre når dei skal irettesetjast. I oppseding har ein for det meste gått bort frå fying mot born.[treng kjelde]

Innanfor banninga er fyinga kopla saman med helvete eller djevelen, som ein altså skulle fordrive (fy te helvete, fy fanden). Mindre krasse former som «fy farao», «fy flade», «fy te grisen» («fyttigrisen») eller «fy te katta» er òg dokumenterte.[4]

Kjelder endre