Banning er språkføring der ein bruker uttrykk som er rekna som sterke eller støytande for å uttrykka sterke kjensler, som sinne eller smerte, for å vekka reaksjonar eller som del av ein stil. Ulike grupper og situasjonar har ulike syn på kva grad av banning som kan godtakast. Banning vert som oftast bygd på negativitet, og i religion vert banning og bruk av kraftuttrykk sett på som eit tabu eller ei synd.

I teikneseriar blir banning ofte uttrykt med ulike useielege symbol.

Banneord kallar me ord som blir nytta i banning, og styrken av slike ord varierer. Det er vanleg å kombinere to eller fleire banneord for å gi kraftig uttrykk for ei meining.

Å leggje eit bann på noko, var i si tid ei sterk religiøs handling (sjå bannlysing). Berre høge religiøse autoritetar hadde makt til å gjera dette. Eit moderne døme på slikt, er ein islamsk fatwa.

Mykje av banninga tek utgangspunkt i tanken om å fordrive vondskap til Helvete - og banninga er soleis ein magisk-religiøs formular, som knyter saman eit substantiv (gjerne djevelen), og eit tilhøyrande konjunktiv. Den mest vanlege typen vil då vera "Fanden ta" - gjerne retta mot nokon eller noko. Skyldt dette er og det meir uttrykte ønsket om å be nokon "dra til Helvete". Verbet "ta" i norsk språkbruk har ofte vore skifta ut med eit knippe andre verb:

  • steike
  • danse
  • koke

Nokre av desse verba peikar mot kva slag straffedom ein finn på den omtalte staden. Stundom kan verbet "steike" bli ståande att aleine som eit høveleg banneord. Dette finst det dekning for i norske dialekter, særskilt på Sunnmøre. Elles kan koblinga "for fanden" eller "for helvete" sjå ut til å dominere. Denne varianten er meir påkalling enn fordriving.

Eit nærskyldt døme er ordet fy, opphavleg knytt til spytting (tvi). Dette vart nytta for å fordrive vonde makter. Frå dette finn ein ordbruken "fy til"... som altså skal drive djevelen eller vondskapen attende til Helvete, eller til djevelen. "Fy te", som er ein dialektal variant, har utvikla seg til vendingar som "fyttigrisen" og liknande.

Når den faste konjunktiven er sliten bort, står ein att med sjølve substantivet, og bannskapen får då meir preg av påkalling.

Moderne banning er altså ein samankopling av fordrivingsformlar og påkallingsformlar, ofte knytt til ulike gradar av forbanning. Med tida er desse så blitt svekka av dagleg bruk, slik at mange av dei opphavlege formene knapt er til å kjenne att. Slik finn ein og at mange banneord knytt til djevelen er prega av omskrivingar for Fanden (farken, farsken, fillern, søren, og slik bortetter). I freistnaden på å unngå dei styggaste uttrykka har og forma "fader" vore i bruk, noko som i røynda peikar "den andre vegen". I denne innebygde ordmagien har det vore synt stor språkleg fantasi, slik at jamvel varianten "faderuttan" kan sjåast som ein avart av banninga.