Fylkesting
Politisk styringsorgan i ein fylkeskommune
Fylkestinget er det fremste politiske styringsorganet i ein fylkeskommune. Fylkestinget blir valt ved direkte val kvart fjerde år i kommune- og fylkestingsvalet.
Stortinget vedtok Lov om kommuner og fylkeskommuner i 1961, og frå 1964 velde kommunestyra inn representantar til fylkestinga etter innbyggjartal. I 1976 vart det innført direkte val til fylkestinget.