Fylkesveg 6186

veg i Møre og Romsdal

Fylkesveg 6186 i Møre og Romsdal går mellom Kjelklia og Todalen i Aure kommune. Vegen er 18,7 km lang.

Aursundvegen i Aure sentrum

Vegen går langs Aursundet til Ervika, og vidare langs Vinjefjorden til Todalen. Delen av vegen mellom Kjelklia og Aure var del av fylkesveg 680 fram til vegsambandet over Aursundet vart bygd.

Fram til 2019 hadde vegen nemninga fylkesveg 359.[1]

Kommunar og knutepunkt endre

  Aure

Kjelder endre

  1. «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022. 

Bakgrunnsstoff endre