Aure sentrum

tettstad i Aure kommune

Aure er ein tettstad og administrasjonssenteret i Aure kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden ligg på austsida av Aursundet og har 610 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Aure
tettstad
Frå Aure
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Aure
Areal 0,53 km²
Folketal 610  (2023)
Folketettleik 1 151 / km²
Postnummer 6690 AURE
Kart
Aure
63°16′4″ N 8°31′44″ E
Wikimedia Commons: Aure (village)

Aure har vore kyrkjestad frå 900-talet. Ei kyrkje frå mellomalderen vart riven i 1726 og ei ny krosskyrkje vart teken i bruk året etter. I 1924 slo lynet ned i kyrkja og førte til at ho brann opp.

Ovanfor Aure sentrum ligg Bergsfjellet med ei høgd på på 538 moh.[1]

Kjelder endre

  1. «Aure – tettsted». Store norske leksikon. 18. januar 2016. Henta 19. april 2018. 
  Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.