Fylkesveg 53 i Troms
veg i Troms
- Sjå òg fylkesveg 53 (fleirtyding).
Fylkesveg 53 i Troms går mellom Tomasjorda og Oldervik i Tromsø kommune. Vegen fylgjer austsida av Tromsøysundet og deretter sørsida av Grøtsundet til Snarby. Derfrå går vegen opp Snarbydalen og over Snarbyeidet til Oldervik ved Ullsfjorden. Vegen er 38,4 km lang.