Tromsø kommune

kommune i Troms fylke i Noreg

Tromsø (nordsamisk Romsa) er ein bykommune i Troms fylke. Han er den tredje største bykommunen i landet, og den tolvte etter folketalet. På 1800-talet var den vesle byen ofte besøkt av utanlandske handelsmenn og turistar, og dei var overraska over kultur, klesdrakt og språkkunnskapar mellom borgarskapet i byen, og kalla difor byen «Nordens Paris», eit utnamn som i dag ofte feilaktig blir knytt til nattelivet i byen og det generelt høge aktivitetsnivået.

Tromsø kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Troms
Adm.senter Tromsø
Areal 2 521,27 km²
 - land 2 477,59 km²
 - vatn 43,68 km²
Folketal 78 745  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Gunnar Wilhelmsen (Ap)
Kommunenr. 5501
Kart
Tromsø kommune
69°38′59″N 18°57′25″E / 69.64961°N 18.95701°E / 69.64961; 18.95701
Wikimedia Commons: Tromsø
Nettstad: www.tromso.kommune.no

Tromsø er administrasjonssenter for Troms fylke, og var administrasjonssenter for tidlegare Troms og Finnmark fylke, 2020-2023.

Geografi og natur endre

Kommunegrenser og kommunereguleringar endre

Tromsø kjøpstad blei etablert ved ei kongelig forordning av 20.6.1794. Grensene i nord var Hansjordnes i nord og Strandskillet i sør, og grensa mot vest gjekk oppover omtrent til Dramsvegen - Kongsbakken - Vestregata. Prestegarden med kyrkja og kyrkjegarden var ikkje ein del av byen, og dei låg som i øy midt i byen, og dei blei ikkje innlemma i byen før i 1856.

Det var fleire utvidingar av bygrensene. Store endringane kom i 1915 og 1955 då byen blei kraftig utvida mot sør og nord, og mot vest.

Den største byutvidinga kom i 1964. Ved kgl.res. av 7.12.1962 blei Tromsø bykommune slått saman med Hillesøy kommune sin del av Kvaløya og øyene nord for Hekkingen, Ullsfjord kommune med unnatak av Svensbyområdet og Tromsøysund kommune til ein ny kommune. Samanslåinga gjaldt frå 1.1.1964. Den nye kommunens fekk namnet Tromsø kommune.

Tromsø kommune fekk si noverande utstrekning 1. januar 2008 da den søre delen av Reinøya blei overført til Karlsøy kommune.

Busetting endre

Folketalsutvikling endre

Tromsø har vore den største kommunen i Troms i folketal sidan 1910-talet, då han passerte Trondenes kommune, med unntak av åra frå slutten av 1940-talet til kommunesamanslåinga i 1964, då Tromsøysund kommune var større.

Folketalsutvikling for noverande Tromsø kommune frå 1910:

1910[1] 1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4][5][6][7] 1.1.1961[4][5][6][7] 1.1.1971[4] 1.1.1981[4] 1.1.1991[4] 1.1.2001[4] 1.1.2010[4]
16 543ab 19 716ab 21 756ab 25 905ab 27 218ab 32 187ab 39 145a 46 454a 51 328a 60 086a 67 305
aTalet omfattar den sørlege delen av Reinøy, som var del av Tromsø kommune fram til 2008, då han vart overført til Karlsøy kommune. Dette området hadde då 50 innbyggjarar.
b Talet omfattar Svensbyområdet, som var del av gamle Ullsfjord kommune, men ved kommunesamanslåinga i 1964 vart del av Lyngen kommune. Dette området hadde då 171 innbyggjarar. Talet omfattar òg den delen av gamle Hillesøy kommune som låg på Senja og Hekkingen, som ved kommunesamanslåinga i 1964 vart del av Lenvik kommune. Dette området hadde då 1159 innbyggjarar.

Grender og gardar endre

Grunnkrinsar, delområde endre

Tromsø kommune er delt inn i 20 statistiske delområde fordelt slik (innbyggjartal 2015): På Tromsøya: Tromsø (7 482), Sommerlyst (7 615), Nordre Tromsøya (7 980), Mortensnes (9 211), Søndre Tromsøya (5 729) Sentralt på fastlandet: Kroken (4 752), Tomasjord (5 466), Tromsdalen (5 051), Reinelva-Hundbergan (3 164) Sentralt på Kvaløya: Kvaløybyen (9 416) Elles på fastlandet: Fastlandet nord (549), Ramfjordområdet (1 197), Malangshalvøya (294), Ullsfjord (796) Elles på øyene: Kvaløya søraust (831), Malangskjeften (630), Kattfjord (324), Ersfjord-Røssholmdjupta (476), Kvaløya nordvest (630), Øyene nord (715) Bustad ikkje oppgitt (373)

Gardar endre

Tettstader endre

 
Ishavskatedralen i Tromsø

I 2014 hadde tettstadane i Tromsø kommune desse innbyggjertala i følgje SSB:

Tettstad Folketal
Tromsø 33 319
Sommarøy 333
Ersfjordbotn 469
Movik 367
Kjosen 367
Hamna 4 022
Tromsdalen 16 271
Kvaløysletta 8 197

Samferdsel og kommunikasjonar endre

Vegar endre

Tromsø er endepunkt for Europaveg 8, som går frå Åbo via Kilpisjärvi, Skibotn og Nordkjosbotn. Mellom Skibotn og Nordkjosbotn deler E8 trasé med Europaveg 6. Fylkesveg 91 går frå Fagernes, 20 kilometer sør for Tromsø, til Breivikeidet. Herifrå går det ferge over Ullsfjorden til Svensby i Lyngen kommune. Frå Lyngseidet går det ferge over Lyngen til Olderdalen i Kåfjord kommune der Fv 91 møter Europaveg 6. Fylkesveg 858 går frå Eidkjosen vest for Tromsø sentrum med tunnel Larseng-Vikran til Storsteinnes i Balsfjorden og vidare til Tømmerelva aust for Storsteinnes der Fv 858 møter E6. Fylkesveg 862 går frå Hungerbukta i Tromsdalen via tunnel på Tromsøya og over til Kvaløya der vegen fortset sørover til Eidkjosen og via Kattfjorden til Brensholmen. Fv 862 fortset vidare på Senja. Fylkesveg 863 går frå Kvaløysletta via Kvalsundtunnelen til Hansnes i Karlsøy kommune. Fylkesveg 864 går frå Tomasjord via Tønsvik og Snarby til Oldervik.

Fly endre

Tromsø lufthavn ligg på Langnes, ca. 4 km frå sentrum. Flyplassen er den femte største i Noreg, med over to millionar passasjerar i året (2014).

Båt og buss​ endre

Hurtigruta kjem til Tromsø kvar dag. Nord-Norgebussen går både sørover til Narvik og austover til Alta. Det går tre hurtigbåtruter til og frå Tromsø: linje 2 går sørover til Harstad med anløp på Finnsnes, i Brøstadbotn og på Engenes, linje 3 går nordover til Skjervøy med fleire anløp undervegs, linje 4 går går sørover til Lysnes på Senja med anløp på Vikran og Tennskjer. Frå Breivikeidet går det bilferge til Svensby i Lyngen kommune. I tillegg er det i sommarhalvåret bilferge frå Brensholmen på Kvaløya til Botnhamn på Senja. Det går også bilferge frå Bellvika på Kvaløya til Vengsøya.

Troms fylkestrafikk har ansvar for busstilbodet i Tromsø kommune.

Historie endre

Det er funne spor etter busetting i området som er 9000 år gamle. Den første kyrkja vart bygd her i 1252, og blei den nordlegaste kyrkja i verda. Ho vart kalla Sancta Maria juxta paganos, eller «Sankta Maria blant heidningane». Frå om lag same tida stammar Skansen, som er ein skanse bygd i torv. Denne blei bygd for å verge området mot herjingane til russarane og karelarane.

Tromsø fekk bystatus og privilegium som kjøpstad i 1794, men på denne tida hadde byen eit innbyggjartal på rundt 80 menneske. På 1800-talet vart byen viktigare. Han vart bispesete i 1834 og fekk ein lærarskule og eit skipsverft i 1848. Tromsø Museum vart skipa i 1872 og Mack-bryggjeriet i 1877.

 
Tromsø hamn

Ved slutten av hundreåret var byen blitt eit viktig handelssenter i nord, og var utgangspunktet for mange ekspedisjonar til Arktis, og polaroppdagarar som Roald Amundsen, Fridtjof Nansen og Umberto Nobile brukte byen som utgangspunkt. Nordlysobservatoriet vart grunnlagd i 1927.

Flyplassen blei opna for trafikk i 1964. Universitetet i Tromsø blei vedtatt oppretta i 1968 og opna i 1972. I 1998 flytta Norsk Polarinstitutt til Tromsø. Hausten 2005 opna nybygget til Hålogaland Teater.

Tromsø har aldri hatt jernbane. Tettstaden Tromsø er den tredje største byen i Europa utan ein jernbanestasjon, etter byane Łomża og Herten.

Samfunn endre

Politikk endre

Kommunestyret i Tromsø vedtok 19. oktober 2011 å innføre parlamentarisme som styringsmodell for kommunen. Tromsøs første byråd var eit fleirtallsbyråd utgått av Høgre, Framstegspartiet og Venstre, med til saman seks byrådar. Bystyret har 43 medlemmar. Øyvind Hilmarsen vart første byrådsleiar. Etter valet i 2015 vedtok kommunestyret å gå tilbake til formannskapsmodellen. Det skjedde sommaren 2016. Kristin Røymo frå Arbeidarpartiet var byrådsleiar i denne perioden frå valet og til parlamentarismeordninga vart oppheva, medan Jarle Aarbakke var ordførar. Ved avslutninga av parlamentarismen vart Kristin Røymo ordførar, medan Jarle Aarbakke vart varaordførar.[8]

Utdanning og skolar endre

Det er fleire vidaregåande skolar i Tromsø: Kongsbakken videregående skole, Tromsdalen videregående skole, Kvaløya videregående skole, Breivang videregående skole, Ishavsbyen videregående skole og SMI-skolen.

UiT Norges arktiske universitet har åtte fakultet og 14551 studentar (våren 2016), med særleg kompetanse på telemedisin, fiskeriforsking, samiske språk, teoretisk lingvistikk, nordlysforsking og polarforsking generelt. I 2009 vart UiT slått saman med Høgskolen i Tromsø, i 2013 med Høgskolen i Finnmark og i 2016 med Høgskolen i Harstad og Høgskolen i Narvik

Media endre

Tromsø har to dagsaviser, Nordlys og Tromsø.

Kultur endre

Kulturinstitusjonar endre

  • Hålogaland Teater
  • Nordnorsk Opera og symfoniorkester (NOSO)
  • Nordnorsk Kunstmuseum.

Festivalar endre

  • Tromsø Internasjonale Filmfestival og Nordisk Ungdoms Filmfestival (NUFF)
  • Nordlysfestivalen for samtidsmusikk og klassisk musikk
  • Buktafestivalen
  • Døgnvillfestivalen
  • Insomniafestivalen
  • Ordkalotten
  • RakettNatt

Idrettslag endre

  • TIL, Tromsø Idrettslag, rykka opp i den øvste divisjonen for herrefotball for første gong i 1985, og vann cupfinalen i 1986 og 1996. Heimekampane blir spelt på Alfheim stadion.
  • TUIL, Tromsdalen Ungdoms- og Idrettslag er eit stort idrettslag som blant anna har eit fotballag i 1.divisjon
  • IF Skarp, som er den eldste fotballklubben i Tromsø, blei stifta i 1919, og i 1985 bygde Skarp den første innandørs fotballbanen i Noreg.
  • IF Fløya er byens leiande damelag, som fleire gonger har spelt i den øvste divisjonen.
  • Tromsø Storm er byen sitt elitelag i basketball for menn.
  • Tromsøstudentenes Idrettslag (TSI) er Nord-Noregs største idrettslag.
  • KSK, Kvaløya Sportsklubb
  • Bravo Håndballklubb
  • Tromsø svømmeklubb
  • Tromsø karateklubb
  • Ishavsbyen Kunstløpklubb
  • Tromsø Hockey
  • Tromsø Skøyteklubb
  • Tromsø Turnforening
  • BK 9000 og Tromsø Innebandyklubb (innebandylag)
  • Tromsø Golfklubb
  • Tromsø Ryttersportsklubb
  • Tromsø Trailblazers er ein amerikansk fotballklubb
  • Tromsø Bryteklubb

Friluftsliv endre

Attraksjonar endre

I sentrum endre

  • Tromsø domkyrkje frå 1861 er den einaste domkyrkja i landet som er bygd i tre, og ho er verdas nordlegaste protestantiske domkyrkje.
  • Vår Frue kyrkje frå 1861 er sete for verdas nordlegaste katolske biskop.
  • Verdensteatret frå 1916 er Nord-Europas eldste kino som er i bruk og har blant anna tatt vare på orkestergrava frå stumfilmtida.
  • Skansen, det eldste huset i byen som er frå 1789, står på den mellomalderske Skansevollen, og det er det eldste bevarte byggverket i Tromsø.
  • Perspektivet Museum er eit moderne museum.
  • Polarmuseet ligg i ei gammal brygge frå 1837.
  • Polaria, Norsk Polarinstitutts publikumsdel fråa 1998 huser blant anna eit stort selakvarium.

Utanfor sentrum endre

  • Ishavskatedralen i Tromsdalen, Tromsdalen kyrkje som også er kjent som «Ishavskatedralen», blei innvigd i 1965.
  • Fjellheisen er ein taubane som går opp til fjellet Storsteinen, 421 m.o.h.
  • Tromsøbadet, badeanlegg med 50 meters bane, fleire leikeaktivitetar og ein stor klatrevegg.Opna seinsommaren 2019.
  • Universitetsmuseet Tromsø Museum har utstillinger fra nordnorsk kultur og natur.
  • Elverhøy kyrkje er frå 1803.
  • Tromsø botaniske hage, verdas nordlegaste botaniske hage med eit areal på 20 dekar.
  • Nordnorsk vitensenter, verdas nordlegaste vitensenter og planetarium.

Vennskapsbyar endre

 

Fram til 25. oktober 2022 hadde Tromsø tre vennskapsbyar i Russland: Murmansk, Arkhangelsk og Nadym. Vennskapsavtalene vart avslutta av Tromsø på grunn av krigen i Ukraina.[9]

Tromsøværingar endre

Fotnotar endre

  1. "Hjemmehørende folkemengde Troms 1801-1960 Arkivert 2011-05-25 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Folkemengd i Tromsø 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  5. 5,0 5,1 Folkemengd i Hillesøy 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  6. 6,0 6,1 Folkemengd i Tromsøysund 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  7. 7,0 7,1 Folkemengd i Ullsfjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  8. Politikk i Tromsø kommune http://www.tromso.kommune.no/byraadet.260818.no.html Arkivert 2016-05-04 ved Wayback Machine.
  9. Wilhelms, Hanne (26. oktober 2022), «Tromsø avslutter vennskapsbyavtale med russiske byer», NRK (på norsk bokmål), henta 26. oktober 2022 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tromsø kommune