Fylkesveg 950 i Nordland

veg i Nordland
Sjå òg fylkesveg 950 (fleirtyding)

Fylkesveg 950 i Nordland går mellom Skjellfjordeidet og Sandset i Øksnes kommune. Vegen er 3,5 km lang.

Vegen tar av frå fylkesveg 820 inst i Skjellfjorden og fylgjer nordaustsida av Skjellfjorden før han går over det låge Sandsetskaret til Sandset. Vegen var ein del av fylkesveg 820 før Ryggedalstunnelen vart bygd, med ferjesamband til Kråkberget i Bø kommune. Sidan har det vore samband med hurtigbåt frå Sandset til øyane i Øksnes Vestbygd, men hurtigbåtanløpet er no flytta til ei ny kai i Skjellfjorden.

Kommunar og knutepunkt

endre

  Sortland

  • 820 Skjellfjordeidet
  • Kommunal veg frå Sandset til Torset (2,3 km)

Bakgrunnsstoff

endre