Fylkesveg 989 i Nordland
Fylkesveg 989 i Nordland er ein kort veg på Offersøya i Vestvågøy kommune. Vegen er ein del av Offersøyvegen, som vart delt då europaveg 10 vart bygd til Offersøya i samband med bygginga av Nappstraumtunnelen. I dag utgjer fylkesveg 825 den nordlege delen av Offersøyvegen, medan fylkesveg 989 er den sørlege delen. Fylkesveg 989 er 600 meter lang.
Før 1. januar 2010 vart vegen kalla fylkesveg 824.