Europaveg 10 i Noreg
Europaveg 10 i Noreg | |||
---|---|---|---|
Strekning | |||
Å i Lofoten – riksgrensa | |||
Informasjon | |||
Lengd | 382,0 km | ||
Status | riksveg nasjonal turistveg | ||
Tilstøytande vegar | |||
| |||
Restriksjonar | |||
Kolonnekøyring om vinteren |
Bjørnfjell | ||
Nattestenging om vinteren |
Bjørnfjell |
Europaveg 10 (Noreg) (E10, Kong Olav Vs vei), er ein norsk stamveg som går mellom Å i Lofoten og riksgrensa på Bjørnfjell rett nord for Narvik. Vegen er 382 km lang.[1]
Vegen går gjennom Å i Lofoten, Sørvågen, Reine, Ramberg, Leknes, Svolvær, Fiskebøl, Gullesfjordbotn, Tjeldsund bru, Bogen og Bjerkvik til Bjørnfjell.
Vegen gjekk tidlegare om Melbu, Stokmarknes og Sortland. Ny Europaveg 10 mellom Fiskebøl og Gullesfjordbotn («Lofast») opna 1. desember 2007. Delstrekninga mellom Fiskebøl og Raftsundet vart opna i 1998.
Veghistorie
endreVegen som i dag heiter europaveg 10 i Noreg heitte fram til 1992 riksveg 19. Før det heitte vegen mellom Bjerkvik og Troms grense ved Evenes riksveg 795.
Ein plan for Lofotvegen Å-Fiskebøl med ferje til Melbu vart godkjent av Stortinget i 1949. Men alt på slutten av 1930-talet definerte vegkomitéen i Nordland fylke Lofotvegen som strekninga Å-Lødingen. I 1963 var vegsambandet ferdig, med ferjesamband over fjordar og sund. Kong Olav V opna Lofotvegen Å-Svolvær offisielt den 1. august 1963. Ei minneplate med namnetrekket hans står i fjellet ved Akkarvik på Moskenesøya.
Seinare vart det bygd bruer og tunnelar for å erstatte ferjesambanda og dårlege vegparti. Mellom anna vart Tjeldsundbrua opna i 1967, Vesterålsbruene vart opna på 1970-talet, og Nappstraumtunnelen erstatta den siste ferjestrekninga på vegen i Lofoten i 1990. Vegsambandet over Bjørnfjell til Sverige opna i 1984.
Ein milepåle vart nådd da fastlandssamband til Lofoten (Lofast) mellom Fiskebøl og Gullesfjordbotn vart opna 1. desember 2007. Den nye vegen vart opna av dronning Sonja. Dermed kunne ein endeleg køyre ferjefritt mellom Lofoten og fastlandet.
Vegen frå E6 til den svenske grensa (Bjørnfjellvegen) vart opna i 1984. På svensk side opna vegen frå Kiruna til grensa i 1983. Vegen mellom Luleå og Kiruna er mykje eldre.
Som med mange andre vegar i Noreg er det i dag (2008) dårleg standard på vegdekket på delar av europaveg 10. NRK Nordland meldte 10. mars 2008 at Statens vegvesen ville vurdere å høvle ei strekning i Tjeldsund og Lødingen kommunar ned til grusveg om vegvesenet ikkje fekk pengar til å forsterke og nyasfaltere strekninga.[5]
Kommunar og knutepunkt
endre- Endepunkt Å i Lofoten
- Åtunnelen (123 m)
- Tind
- Sørvågen
- Moskenes → ferje til Bodø, Værøy og Røst (sjå ferjeruter Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.)
- Seljelitunnelen (1052 m)
- Djupfjordbrua (259 m)
- Ramsviktunnelen (404 m)
- Reine
- Storvalen bru
- Breisundet bru (240 m)
- Hamnøy
- Fjøsdalen tunnel (1641 m)[6]
- Mølnarodden
- Kåkern bru (303 m)
- Fv810 frå Kåkern til Sund i Lofoten (2,9 km)
- Fv986 frå Finnbyen til Krystad (9,0 km)
- Fv803 frå Spengervatnet til Ytre Skjelfjord (4,0 km)
- Ramberg
- Fv807 frå Båtnesoddan til Nusfjord (6,2 km)
- Fv811 frå Vareid til Vikten (4,2 km)
- Fv805 frå Napp til Myrland (5,5 km)
- Nappstraumtunnelen (1776 m, 63 muh.)
- Fv989 Offersøyvegen (0,6 km), Fv825 frå Offersøya til Høybakkmoa (6,3 km)
- Fv843 frå Storeid til 818 Gravdal (7,8 km)
- 818 Storeid
- 815 Leknes
- → Hurtigruten, biler kan tas med.
- Fv842 til Leknes lufthamn (0,5 km)
- Fv825 Høybakkmoa
- Fv991 frå Voll til Rise (2,7 km)
- Fv991 Voll
- Fv992 frå Liland til Unstad (8,8 km)
- Fv832 frå Borg til Straumgard (8,9 km)
- Fv994 frå Bøstad til Eggum (9,8 km)
- Fv995 frå Straumgard til Borgvåg (4,4 km)
- Fv832 Straumgard
- Fv996 Haverringen frå Vonheim til Steira (17,7 km)
- Fv996 Steira
- 815 Smorten
- Sundklakkstraumen bru (271 m)
- Fv861 frå Sundklakk til Rødlia (15,6 km)
- Fv861 Rødlia
- Gimsøystraumen bru (839 m)
- Fv864 frå Kleppstad til Brenna (11,4 km)
- 816 Rørvika
- Rørvikskartunnelen (726 m)
- Kabelvåg
- Osanbrua (ca. 165 m)
- Arm til Svolvær ferjekai (0,2 km)
- Nonshaugtunnelen (85 m)
- Svolvær
- → Hurtigruten, biler kan takast med.
- → Hurtigbåt, berre passasjerar → Svolvær, Skrova, Brettesnes, Holandshamn, Svartskard, Øksneshamn, Lødingen, Kjeldebotn, Liavika og Narvik
- «Perleporten» (Bygrensa) (36 m)
- Børratunnelen (133 m)
- Fv850 til Svolvær lufthamn, Helle (0,4 km)
- Fv888 frå Jordneset til 82 Fiskebøl (46,9 km)
- Laupstad
- Hattnestunnelen (165 m)
- 82 Fiskebøl
- Strekninga Fiskebøl-Gullesfjordbotn, sjå òg Lofast
- Sløverfjordtunnelen (3337 m, 112 muh.)
- Falkfjordtunnelen (396 m)
- Myrlandstunnelen (1966 m)
- Fv893 frå Åsvatnet til Hanøyvågen (1,1 km) → Fv889 ferje via Lonkan til 822 Kaljord
- Raftsundbrua (711 m)
- Fv868 frå Trivatnet til Holand i Vågan (29,6 km)
- Raftsundtunnelen (1530 m)
- Storåtunnelen (210 m)
- Ingelsfjordtunnelen (1260 m)
- Vesterstraumen bru (305 m)
- Austerstraumen bru (196 m)
- Sørdalstunnelen (6338 m)
- Gullesfjordbotn (endepunkt Lofast)
- Fv103 frå Gullesfjordbotn til Gullholm (9,9 km)
- Tjeldsundbrua (1007 m)
- 825 Steinsland
- Fv115 frå Djuphamn via Evenskjer til 824 Bømyra (5,9 km)
- 824 Elvemo, Fv116 til fylkesgrensa ved Planterhaug (10,5 km) → Fv724 (Nordland) til Daleng
- Nautå, → til Harstad/Narvik lufthamn
- Fv722 frå Nautå til Fv721 Evenes (3,8 km)
- Fv724 frå Daleng til fylkesgrensa → Fv116 (Troms) til Elvemo
- Fv727 frå Osvatnet til Fv721 Stordal (2,4 km)
- Fv721 frå Dragvika til Skar (19,7 km)
- Bogen
- 829 Snubba
- Bakkejordtunnelen (315 m)
- Fv767 Herjangen frå Herjangshøgda til Herjangen (3,4 km)
- Bjerkvik, felles trasé til Trældal
- Fv765 Øyjordveien frå Leirvik til Øyjord kai (2,4 km)
- Leirviktunnelen (549 m)
- Trældal
- Det høgaste punktet på vegen i Noreg, 520 moh.
- Riksgrensa, Bjørnfjell → E10 (Sverige)
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Europavei 10 (Norge)» frå Wikipedia på bokmål, den 22. mai 2010.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Iht. [1] Arkivert 2020-02-16 ved Wayback Machine.
- ↑ Lofotposten: Åpnet Lofotens turistvei (6. september 2007)
- ↑ Turistveg.no: Lofoten
- ↑ Info frå Statens vegvesen
- ↑ NRK: Europaveg kan bli grusvei (10./11. mars 2008)
- ↑ Lofot-Tidende: Tunnelen er åpnet! (14. mars 2008)
Bakgrunnsstoff
endre- Statens vegvesen – trafikkmeldingar Ev10
- Statens vegvesen – trafikkmeldingar
- Statens vegvesen – kolonnekjøring
- Statens vegvesen – nattestengingar
- Ferjeruter Fiskebøl - Melbu Arkivert 2006-03-22 ved Wayback Machine.
- Ferjerutet Melbu - Fiskebøl Arkivert 2006-03-22 ved Wayback Machine.
- Samferdselsutredning for nordre Nordland/Sør-Troms