Gågate
Gågate er ei gate i ein by som primært er innretta for gåande, og der biltraffikk er forbode i opningstida til butikkane, endå som regel med unntak av varelevering. Nokre kjende døme er Strøget i København og Strøget i Århus.
Den fyrste gågata i Danmark var Houmeden i Randers,[1] som fekk gågatestatus i 1963. Året før, 17. november 1962, var Strøget i København blitt gjort om til gågate på forsøksbasis, men denne statusen blei fyrst gjort permanent i 1964.
I Sverige blei den fyrste gågata, Kullagatan i Helsingborg, oppretta i 1961. I Noreg er Karl Johans gate i Oslo mest kjend, medan Haraldsgata i Haugesund er den lengste gågata i Noreg.[2]
Kjelder
endre- ↑ RANDERS CITY DK - ALTID ÅBEN! - Aktivitetskalender, arkivert frå originalen 27. september 2007, henta 21. november 2022
- ↑ «Nå skal gatekampen avgjøres, besøkt 09.03.2014». Arkivert frå originalen 4. april 2014. Henta 9. mars 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Gågate» frå Wikipedia på bokmål, den 21. november 2022.