Gåsvær i Herøy

Gåsvær er eit fråflytta fiskevær i Herøy kommune i Nordland. Dei bebygde øyane er Nord-Gåsvær, Sør-Gåsvær, Flatøy og Innerodden. Gåsvær kapell ligg på Sør-Gåsvær. Dei siste fastbuande flytta frå Gåsvær i 1990. Hurtigbåtruta til Gåsvær vart lagd ned sommaren 2007. Mange av husa vert no brukte som fritids- og sommarhus.

Gåsvær sett frå vest med Dønnmannen i bakgrunnen

Næringar på GåsværEndra

Fiske var viktigaste næringsveg på Gåsvær, men òg jordbruk var viktig, og det var vanleg med små fjøs med sauer og nokre få kyr. Det var vanleg med æhus til ærfuglane, der ein samla edderdun som vart reinsa og ramet og selt for bruk i puter og dyner.

KjelderEndra