Gåsværfjorden i Herøy

fjord i Herøy, Nordland

66°1′3.8604″N 12°0′26.532″E / 66.017739000°N 12.00737000°E / 66.017739000; 12.00737000

Gåsværfjorden med Varøya og fjella sju søstre i bakgrunnen

Gåsværfjorden er ein fjord i Herøy kommune i Nordland. Fjorden ligg på sørsida av øygruppa Gåsvær, som han er kalla opp etter, og nord for holmane Steinan. Fjorden har ei lengd på om lag 5 km frå sørvest til nordaust.

I vest ligg nokre spreidde holmar og småøyar mellom fjorden og Norskehavet. I vest grensar fjorden til Oddfjorden som skil han frå Sildøyfjorden som held fram austover.