Grafikkprosessor
Ein grafikkprosessor, eller grafisk handsamingseining, er ein prosessor som er spesiallaga for å handsama 3D og/eller 2D-grafikk. Dei vert nytta i mobiltelefonar, personlege datamaskiner, arbeidsstasjonar og spelkonsollar.
Personlege datamaskinar kan ha grafikkprosessoren innebygd på hovudkortet, eller i form av eit ekspansjonskort, plassert i ein ekspansjonsbuss på hovedkortet. Meir enn 90 % av nye stasjonære og bærare datamaskiner har integrert GPU-prosessorar[treng kjelde], med desse er vanlegvis ikkje like kraftige som prosessorane på sjølvstendig grafikkort.
Arkitektur
endreGrafikkprosessorar har mykje høgare instruksjonsrate enn generelle mikroprosessorar. Dette er mogeleg på grunn av at dei utfører same instruksjon på fleire datasett samstundes. Denne typen arkitektur vert kalla «Single Instruction Multiple Data» (SIMD). Andre eigenskapar ved arkitekturen deira er at instruksjonsettet er tilpassa grafikkhandsaming, bruk av lokal Video-RAM (VRAM), stor datarate på bussar, relasjonsprosessering[1] og så vidare. Mange grafikkprosessorar er fleirkjeneprosessorar, med mange SIMD-kjernar og RAM-blokker.
Historie
endre1970
endreAntic og CTIA brikka gjorde det mogleg med maskinvare kontroll av blanda grafikk og tekst modus, sprite posisjonering og visning (ei form for maskinvare blitting), og andre effektar på Atari sine 8-bit datamaskiner. Antic brikka var ein spesiell prosessor for kartlegging (i en programmerbar tyding) av tekst og grafikk data til videoutgangen. Designaren bak Antic chip, Jay Miner, utvikla seinare grafikkbrikker for Commodore Amiga.
1980
endreIBM Professional Graphics Controller var ein av dei aller fyrste 2D/3D grafikkakseleratorane som var tilgjengeleg for IBM PC. Lansert i 1984, 10 år før maskinvare 3D-akselerasjon blei ein standard, den høge prisen (~ $ 4500 USD i 1984 valuta), treg prosessor (8088-2 køyrte på 8 MHz), og mangel på kompatibilitet med gjeldande kommersielle program gjort den ute av stand til å lykkast i massemarknaden. Commodore Amiga var den fyrste datamaskina for massemarknaden til å inkludere ein blitter i sin video maskinvare, og IBMs 8514 grafikksystem var ei av dei fyrste skjermkorta til PC til å gjennomføre 2D direkte i maskinvara. Amiga var unik for tida ved at den inneheldt det som no skulle bli anerkjent som ein full grafikk akselerator. Denne flytta praktisk talt alle video funksjonar til maskinvara, inkludert linje teikning, område fylling, blokk bildeoverføring, og ein grafikk koprosessor med sitt eige (primitive) instruksjonssett. Før dette (og ganske lang tid etter på dei fleste system) var det ofte CPU som måtte handtere alle aspekt av teikninga av skjermbilete.
Kjelder
endre- ↑ He, B., Yang, K., Fang, R., Lu, M., Govindaraju, N.K., Luo, Q. og Sander, P.V. Relational joins on graphics processors, Proc. ACM SIGMOD'08, Vancouver, Canada, 2008.