IBM
International Business Machines, forkorta til IBM, er eit internasjonalt lutlag frå USA. IBM vart skipa i 1889 i New York, og vart eit lutlag i 1911.
IBM | |
![]() | |
| |
Selskapsform | corporation ![]() |
---|---|
Skipa | 16. juni 1911 |
Dotterselskap | SoftLayer, IBM India Private Limited, Internet Security Systems, Lotus Software, Rational Software, IBM Denmark, IBM France, Companhia IBM Portuguesa, IBM Nederland, IBM Deutschland, IBM Egypt Business Support Services, IBM Canada, IBM Bluemix, IBM Research, The Weather Company, Object Technology International, Red Hat, IBM Česká republika, IBM Israel, IBM Norge ![]() |
Eigar | Berkshire Hathaway, The Vanguard Group, State Street Corporation ![]() |
Bransje | programvarebransje, maskinvare, IT tjenesteadministrasjon, IT-konsulentvirksomhet, informasjonsteknologi |
Produkt | programvare, datasenter, tabuleringsutstyr, direct-access storage device, maskinvare, list of IBM products, skydatahandsaming ![]() |
Land | USA ![]() |
Hovudkontor | Armonk, Armonk, New York by ![]() |
Grunnleggjar | Thomas J. Watson |
Styreleiar | Ginni Rometty[1] |
Adm. direktør | Ginni Rometty[2] |
Tilsette | 352 600 (2019)[3] |
Salsinntekter | 1 156 000 000 US-dollar (2022)[4] |
Omsetnad | 60 530 000 000 US-dollar (2022)[4] |
Resultat | 1 639 000 000 US-dollar (2022)[4] |
Markedsverdi | 157 832 000 000 US-dollar (31. desember 2016)[5] |
Nettstad | https://www.ibm.com/[6] |


IBM er éi av dei største og eldste teknologiverksemda i verda med over 380 000 tilsetje og ei omsetjing på $98 milliardar (2007).
På grunn av den blå logoen og storleiken, vert IBM kalla store blå (Big Blue på engelsk).
Historie Endra
IBM si historie byrja fleire tiår før utviklinga av datamaskinen – før den tid produserte ein holkortmaskinar. Opphavleg het verksemda Computing Tabulating Recording Corporation (CTR), som vart oppretta som eit aksjeselskap 15. juni 1911 i Binghamton, New York. Denne verksemda var ein fusjon mellom Tabulating Machine Corporation, Computing Scale Corporation og International Time Recording Company. Direktøren for Tabulating Machine Corporation var den gong Herman Hollerith. Thomas J. Watson Sr., som grunnla IBM, vart direktør for CTR i 1914 og administrerande direktør i 1915. 14. februar 1924 endra CTR namn til International Business Machines Corporation (IBM).
Verksemdene som vart fusjonert under CTR-namnet, framstilte eit breitt utval produkt, blant anna tidsstyringssystem, vekter, automatiske kjøttskjerarar og, vektigast av alt for utviklinga av datamaskinen, holkortutstyr. Etter kvart fokuserte CTR utelukkande på holkortutstyr, og innstilte anna aktivitetar.
Omstillinga på 1990-talet Endra
Etter å ha vore leiande i fleire tiår, snubla IBM inn i 1990-talet. Kvalitetsforskjellen overfor produkta hjå konkurrentane vart redusert, og selskapet sine høgare prisar lét seg vanskeleg forsvara. Frå 1991 til 1993 registrerte IBM tap på USD 16 milliardar. Aksjemarknaden pressa selskapet til å kvitta seg med underverksemder, og børsverdien raste nedover.
Den 1. april 1993 vart Louis V. Gerstner, Jr. administrerande direktør i IBM. Han selde hovudkvarteret i New York, og gjennomførte ein kritisk studie av heile organisasjonen. IBM var for ukritisk til kva som vart utvikla og seld, og kulturen var for innovervendt. Gerstner endra fokus radikalt ved å setja kundane og deira behov i fokus. Gerstner endra IBM totalt frå å vera ei produktfokusert bedrift, til å verta kunde- og løysningsorientert. Mot slutten av 1990-talet byrja IBM igjen å levera gode resultat.
Gerstner innførte bonusordningar som baserte seg på det heilskaplege resultatet av organisasjonen. Tidlegare hadde ordningane berre tatt utgangspunkt i korleis den einskilde avdelinga gjorde det, heilt uavhengig av totalt resultat. På den måten vart kulturen under Gerstner meir samla om eit heilskapleg IBM. Kulturen i IBM vart no basert på å levera det kunden vil ha.
Diverse fakta Endra
Sjølv om IBM ikkje fann opp PCen, vart arkitekturen deira, som er blitt kopiert frå det opphavlege 1981-designet, industristandarden innan personlege datamaskinar, PCar. Microsoft og Intel vart monopol-leverandørar av høvesvis operativsystemer og prosessorar, to av nøkkelkomponentane i desse datamaskinane.
19. januar 1993 offentleggjorde IBM eit underskot på 4,97 milliardar dollar i 1992, noko som den gongen var det største underskotet i noko amerikansk føretak nokon sinne.
IBMs logo vart designa av Paul Rand.
Louis V. Gerstner, Jr. var styreformann og administrerande direktør for IBM frå 1. april 1993 til 29. januar 2002, då Samuel J. Palmisano vart vald som ny administrerande direktør.
IBM-overtakingar i dei seinare åra:
- Lotus Development Corporation i 1995 for 3,5 milliardar dollar.
- Tivoli Systems i 1995 for 750 millionar dollar.
- Sequent Computer Systems i 1999 for 810 millionar dollar.
- Informix Software i 2001 for 1 milliard dollar, ikkje eigentleg ein overtakelse, berre oppkjøp av all aktiva.
- PricewaterhouseCoopers' Consulting i 2002 for 3,5 milliardar dollar
- Rational Software Corporation i 2003 for 2,1 milliardar dollar.
Sjå og Endra
Kjelder Endra
- ↑ «Samsung ramps up foundry business as manufacturer of IBM’s 7nm CPU»; kortnamn på forfattar: Su-bin Lee, edited by Danbee Lee; utgjevingstidspunkt: 18. august 2020; sitat: In 2016, Lee met with Ginni Rometty, the current executive chairman of IBM and the CEO at the time,[...].
- ↑ «Ginni Rometty leaves complex legacy as she steps away as IBM CEO»; utgjevar: TechCrunch; kortnamn på forfattar: Ron Miller; sitat: When Ginni Rometty steps down as CEO at IBM in April; utgjevingstidspunkt: 1. februar 2020; vitjingsdato: 18. august 2020.
- ↑ https://www.ibm.com/annualreport/assets/downloads/IBM_Annual_Report_2019.pdf#page=65.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 https://www.sec.gov/Archives/edgar/data/0000051143/000155837023002376/ibm-20221231x10k.htm; utgjevingstidspunkt: 28. februar 2023.
- ↑ https://www.ibm.com/annualreport/2016/images/downloads/IBM-Annual-Report-2016.pdf.
- ↑ Gemeinsame Normdatei; vitjingsdato: 20. mai 2021; språk på verket: tysk; GND-id: 1042-X.
- Denne artikkelen bygger på «Wikipedia» frå Wikipedia på bokmål, den 25. september 2009.