GUAM
- For det amerikanske territoriet, sjå Guam.
GUAM er ein regional organisasjon der landa Georgia, Ukraina, Aserbajdsjan og Moldova er medlemmar. Samarbeidet mellom dei tidlegare sovjetlanda tok til i 1997, og den noverande organisasjonen blei offisielt skipa i juni 2001. Usbekistan var medlem frå 1999 til 2005, og organisasjonen heitte då GUUAM. I dag er Tyrkia og Latvia med som observatørar.
GUAM – Organization for Democracy and Economic Development | |||
Medlemsland (oransje) og observatørar (grønt). | |||
Andre namn | armensk og aserbajdsjansk GUAM, ukrainsk ГУАМ, armensk სუამი | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1997/2001 | ||
Hovudkontor | Kiev i Ukraina | ||
Medlemmer | Georgia, Ukraina, Aserbajdsjan, Moldova | ||
Nettstad | https://guam-organization.org/ |
Grupperinga blir ofte sett på som ein motsats til Samveldet av uavhengige statar og den store innverknaden til Russland i regionen.