GWP-verdi
GWP-verdi eller Global Warming Potential er eit uttrykk for ein klimagass si evne til å bidra til drivhuseffekten.
GWP-verdien for ein gass er definert som det akkumulerte bidraget til drivhuseffekten frå eitt tonn utslepp av gassen samanlikna med eitt tonn utslepp av CO2 over eit spesifisert tidsrom. Ved hjelp av GWP-verdiane veg ein utsleppa av klimagassar saman til CO2-ekvivalentar.
Komponent | Kjemisk formel | GWP-verdi |
---|---|---|
Karbondioksid | CO2 | 1 |
Metan | CH4 | 21 |
Lystgass | N2O | 310 |
Hydrofluorkarbon (HFK): | ||
HFK-23 | 11 700 | |
HFK-32 | 650 | |
HFK-125 | 2 800 | |
HFK-134a | 1 300 | |
HFK-143a | 3 800 | |
HFK-152a | 140 | |
HFK-227 | 2 900 | |
Perfluorkarbon (PFK): | ||
PFK-14 | CF4 | 6 500 |
PFK-116 | C2F6 | 9 200 |
PFK-218 | C3F8 | 7 000 |
Svovelheksafluorid | SF6 | 23 900 |