Gabby Douglas, fullt namn Gabrielle Christina Victoria Douglas, (fødd 31. desember 1995) er ein USA-amerikansk tidlegare turnar som under Sommar-OL 2012 vart olympisk meister i mangekamp. Ho vann VM-gull 2011, OL-gull 2012, VM-gull 2015 og OL-gull 2016 med USA-amerikanske mannskap i lagtevlinga. Douglas er frå Virginia Beach i delstaten Virginia.

Gabby Douglas


Statsborgarskap USA
Fødd 31. desember 1995 (28 år)
Newport News
Idrett turn
Tok del i

Sommar-OL 2012, Turn under Sommar-OL 2016

Utmerkingar

Associated Press Athlete of the Year

Karriere endre

Douglas deltok i Verdsmeisterskapen i turn 2011 der ho med USA sitt lag vann gull. I skranke-øvinga kom ho på delt femteplass. Under dei olympiske leikane i London året etter vart ho olympisk meister i mangekampen og i lagtevlinga. Ho var ikkje med i verdsmeisterskapane 2013 og 2014, men kom tilbake i Turn-VM 2015 med ein andreplass i mangekampen, bakom landskvinna Simone Biles. Dei bidrog begge til at USA vann lagtevlinga nok ein gong. Ved Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro var Douglas med på det fem manns sterke laget til USA som sigra i lagtevlinga. Ho kvalifiserte seg til OL-finalen i skranke, der ho enda på sjuandeplass.

Kjelder endre