Galge er eit stativ, ofte bygd av tre, som vert nytta til å henge noko eller nokon i. Ordet vert særleg nytta om stativ som vert nytta til å avrette menneske ved henging, men vert dessutan nytta i maskintekniske og bygningstekniske samanhengar for innretningar som noko skal hengje i.

Galge i Tombstone Courthouse State Historic Park i Arizona.
Henging i Tyskland i 1946 av ein som er dømd for krigsbrotsverk. Presten er til stades.

Galgar kan ha ulike utformingar, som til dømes ein loddrett stolpe med ein vassrett bjelke ut frå toppen til å hengje i, altså om lag som ein omvend L. Som avrettingsinstrument til skrekk og åtvaring kunne det i tidlegare tider vere oppsett galgar på faste avrettingsstadar, der dei avretta vart hengande til dei fall ned av dei sjølve. Galgeberg i Oslo har vore ein slik fast avrettingsstad, nytta fram til 1864.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Galge