Trafo kunsthall, som tidlegare hadde namnet Galleri Trafo, er eit kunstgalleri og utstillingslokale på Asker i Asker kommune, skipa i 2006 med lokale i ein bygning attmed Asker stasjon. Bygningen hyste tidlegare ein transformatorstasjon for straumforsyninga til Drammensbanen, men vart ombygd og innreidd for føremålet etter at transformatorstajonen vart teke ut or bruk.

Trafo kunsthall (Galleri Trafo) ligg i ein nedlagd og ombygd transformatorstasjon rett attmed Asker stasjon. Fotografi frå september 2011.

Tanken om å lage eit kunstgalleri i denne sentralt plasserte, nedlagde transformatorstasjonen, vart brakt på banen i 1995. Dei sentrale i arbeidet med å utvikle og realisere ideen, vart kunstnarane Bjørn Carlsen og Bjørn Krogstad, og kommunepolitikar Erik Røed. Asker kommunes byggeskikkpris for 2008 gjekk til Galleri Trafo[1]

Fotnotar endre

  1. Asker kommunes opplysningar om byggeskikkprisen, arkivert frå originalen 25. oktober 2017, henta 25. oktober 2017 

Bakgrunnsstoff endre