Galtelandsteinen er ein runestein frå byrjinga av 1000-talet frå Evje i Evje og Hornnes kommune i Agder. Han stod truleg opphavleg ikkje langt unna det store gravfeltet på Verksmoen utanfor Evje sentrum. Steinen vart første gong skildra av biskop Thomas Wegner i 1639, og var då intakt. Seinare vart steinen slått sund, men mesteparten av innskrifta er bevart:

Galtelandsteinen
arn (stin) risti þi(na) iftir bior (s)un sin (sa uar)tuþr iliþi þ(a)s knursoti iklat inis ko(þ)

På moderne norsk er dette:

Arnstein reiste denne steinen til minne om Bjor, son sin; han døydde i hæren då Knut angreip England. Ein er Gud
Kopi av Galtelandsteinen nær den opphavlege funnstaden

Innskrifta viser truleg til Knut den mektige sin invasjon av England i 1015. Steinen er blitt tolka som eit vitnesbyrd om at kristendomen hadde fått fotfeste i Noreg allereie før Olav den heilage.

Fragmenta av steinen er tekne vare på ved Kulturhistorisk museum (KHM) i Oslo. Gravfeltet på Verksmoen blei utpeikt som tusenårsstaden til Evje og Hornnes kommune, og i det høvet blei det laga ein kopi av Galtelandsteinen som blei reist på staden.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre