Gamle Fylkesveg 185 i Sogn og Fjordane
- Sjå òg fylkesveg 185 (fleirtyding).
Fylkesveg 185 i Sogn og Fjordane var den einaste fylkesvegen i gamle Leikanger kommune.
Vegen var sett saman av tre ikkje-samanhengande trasear: Njøs – Sæberg (2,6 km), Haug – Husabø (0,9 km) og Eggja – Valbrekka (1,8 km).
Historie
endreFylkesvegen frå Njøs til Skitmyrane vart bygd på midten av 1960-talet, og erstatta den gamle bygdevegen. Vegen vart bygd vidare til Sæberg i samband med utbygging av Bustadfeltet Henjahaugane i andre halvdelen av 70-talet. På 60-talet var det snakk om å forlengja vegen, slik at me fekk samanhengande fylkesveg frå Njøs til Valbrekka, men planane vart lagde på is. Då kommunen prøvde å få liv i planane på slutten av 70-talet, var ikkje prosjektet aktuelt lenger for fylkeskommunen.
I februar 2012 har Leikanger kommune starta arbeid med reguleringsplan for fylkesvegen frå RV 55 til Skitmyrane. Føremålet med planen er å utvida vegen til fullbreidd, og å byggja gang- og sykkelveg langs køyrevegen. Tidlegare var det aktuelt å byggja ny veg opp Askedalen i staden for å rusta vegen opp over Njøs, men dette er lite aktuelt i dag.
I 2019 vart det gjort endringar i fylkesvegnettet, og dei tre traseane til gamle Fylkesveg 185 i Sogn og Fjordane vart utskilde til nye fylkesvegar:[1]
- Njøs - Sæberg, no Fylkesveg 5609
- Haug - Husabø, no Fylkesveg 5610
- Eggja - Valbrekka, no Fylkesveg 5611
Kommunar og knutepunkt
endreKjelder
endre- ↑ «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022.